torsdag 1. juli 2010

Ferierande fruer


"Ah, jammen har vi det godt!" konkluderte naboen og eg i kveld medan vi sat på verandaen med panoramautsikt over fjorden og sola som spegla seg i den.

Hennar bestemorungar og mine ungar kosa seg i høyet
etter ein dag med bading i oppvarma basseng hos naboen og deretter mange timar på stranda her med bading og roing i plastbåtar og kano.

Siste post på fellesprogrammet var is og hopping i høyet her for ungane,
medan vi tok med ein anna forbispaserande nabo opp på verandakaffe og is/kake.

Heldige er vi som har ferie -og i grunnen ikkje treng å gjera noko anna enn å kosa oss i lag med kvarandre og ungane :-)

Men i morgon, kjem atter ein dag. Kanskje vi kan måla og snekra litt då, om vi ikkje vel å berre kosa oss ein dag til.....

2 kommentarer:

  1. Hei på deg!
    Ja, heldige er vi som har ferie, luksus.
    Ha en strålende dag.
    Lisbeth

    SvarSlett
  2. Hei! Her har eg ikkje vore innom før. Så koseleg med ny veranda! Eg sit kvar kveld på min òg...

    Ha ein fin sundag!

    SvarSlett