Hylla er undervurdert, men ho gjorde underverk for kontoret - og meg!
Kontoret mitt - og dei andre romma i 1. etasjen har vore ferdige sidan i vår, men utan hyller var dei null verdt!
Denne veka kom det opp fire hyller på kontoret mitt, stor takk til mine to snekkarmenn!
Og på 1-2-3 vart det eit visst system i kaoset som har råda der. No skal det seiast at eg slett ikkje er fedig med systematisering, sortering og kasting, men eg er på god veg!
Velkommen inn for ein kikk!
Denne hylla og dei to under, er òg gjenbrukshyller. Dei kjem frå kjøkkenet og er så gode som nye. På øvste hylla har eg plassert sysakene, som eg (desverre) reknar med kjem til å bli lite bruka..
Trur eg innfører hylla sin dag her på garden! Ho fortener oppmerksomheit!
21. august vil eg feira den, då kom det hyller på kontor og bu her i år.
Hipp hurra for hylla!
Prøver igjen! Veldig fint og funksjonelt hjå deg no =) Kjempe fine liftgardiner og ikkje minst utsikt. Eg er so enig med deg, det er so kjekt med gjenbruk, drive mykje med det eg og, men har dessverre ikkje noko gard med fine, gamle ting. Kjøpmannsdisken var skikkeleg sjarmerande! Gleda meg til å følgje utviklinga i huset ditt her på bloggen!
SvarSlettHyller er eit must, ja, og aller kjekkast er det om ein kan finne bruk for "hyller på vent". Eg har sakna den flotte utsikta dei åra eg har vore vekke, godt å komme tilbake til den :-) Det nye tilbygget dykkar vart kjempeflott forresten!
SvarSlett