lørdag 27. november 2010

Adventslaurdag i heimen

I staden for Oslo-tur, vart det heimehelg på oss. Og sjølv om mor ikkje er i toppslag, så har eg i alle fall begynt på å tømma advents-kassen. Velkommen inn for ein kikk!



Trappa ha fått søyler og gelender denne veka, så no kan vi ana korleis det blir når listene er påkomne og utskjeringar og måling er gjort.


Inne i gangen er det fortsatt panel-lager, men ein lyt gjera det beste ut av det. Stjerna er opphengt og lyktene står foreløpig i glaskarmen

Det nye raude teppet og putene er framkomne, greidde ikkje å venta lenger. Kjekt med litt fargeklattar i stova. I tillegg har vi fått hengt opp att bileta over sofaen, hadde nesten vent oss til "blanke" veggar. Gåven frå foreldra i klassen er kome på plass!

Alle pærene i staken og stjernene virka, då er eg fornøgd. Laurdagsgodt høyrer sjølvsagt med i dag.

Når eg dukka ned i advents-kassen, hadde vi faktisk litt lilla stash frå før. Kjekt å sjå att gamle og unge vener ;-)

Til slutt eit lite bilete av juleutstillinga til storjenta. Ho har strødd roseblad rundt, men det vises ikkje så godt. Eg har sagt at nissane lyt venta eit par veker, men reglar gjeld ikkje på hennar utstilling! Basta!
God adventstid!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar