søndag 28. november 2010

Adventsmorgon

Å stå opp første søndag i advent er nesten like kjekt som å stå opp julaften.

Å koma ned til ei stove og kjøkken som berre er opplyst av adventsstake og adventsstjerner er heilt spesielt. Og veldig koseleg.

Så koseleg at b-mennesket Hilde stod opp før hanen gol (no skal det seiast at hanen på Leri er litt vrangsøvd), koka seg kaffe og stupa inn i blogg-verda.

Då jentene stod opp ein time seinare, forstod dei ikkje kvifor mora var oppe så tidleg. Men då hadde det vorte lyst ute, og noko av adventsmagien var borte......

lørdag 27. november 2010

Adventslaurdag i heimen

I staden for Oslo-tur, vart det heimehelg på oss. Og sjølv om mor ikkje er i toppslag, så har eg i alle fall begynt på å tømma advents-kassen. Velkommen inn for ein kikk!



Trappa ha fått søyler og gelender denne veka, så no kan vi ana korleis det blir når listene er påkomne og utskjeringar og måling er gjort.


Inne i gangen er det fortsatt panel-lager, men ein lyt gjera det beste ut av det. Stjerna er opphengt og lyktene står foreløpig i glaskarmen

Det nye raude teppet og putene er framkomne, greidde ikkje å venta lenger. Kjekt med litt fargeklattar i stova. I tillegg har vi fått hengt opp att bileta over sofaen, hadde nesten vent oss til "blanke" veggar. Gåven frå foreldra i klassen er kome på plass!

Alle pærene i staken og stjernene virka, då er eg fornøgd. Laurdagsgodt høyrer sjølvsagt med i dag.

Når eg dukka ned i advents-kassen, hadde vi faktisk litt lilla stash frå før. Kjekt å sjå att gamle og unge vener ;-)

Til slutt eit lite bilete av juleutstillinga til storjenta. Ho har strødd roseblad rundt, men det vises ikkje så godt. Eg har sagt at nissane lyt venta eit par veker, men reglar gjeld ikkje på hennar utstilling! Basta!
God adventstid!

mandag 22. november 2010

Ein usedvanleg god start på arbeidsveka


Då eg kom halsande tilbake på jobb etter IKT-møtet i dag, låg det ein stor, fint innpakka pakke på kontorpulten min.
Kunne ikkje forstå kven det kunne vera frå, eg har jo ikkje bursdag før neste veke.

Måtte lesa kortet først, og så var det frå foreldra til elevane mine.
Med takk for teater og elles. Så kjekt å høyra!!

Dei hadde spleisa på ei adventsgåve med innhald heilt i Hilde-stil: Hjerter, lilla og sølv.

Har egentleg lyst å leggja duken på bordet og setta lysfatet på og tenna lyset...
Men eg lyt venta til adventstida er her. Trur eg.....

Skal i alle fall tenkja på 12 elevar og 24 foreldre når eg ser på duken, fatet, lyset og pynten!
-Og eit fabelaktig artig og underhaldande sirkus-teater med verdas beste elevar i hovudrollane!

søndag 14. november 2010

A room without a view.....

I ei helg som til no har vore tettpakka med program, var det deilig med ein roleg søndagsmorgon med fyr i ovnen, kaffe i kruset og kokosbolle frå IKEA. Dei er gode dei!
Men utsikta frå stova er ikkje den beste akkurat i dag, som de ser. Framom stoveglasa står ein Ektorp som vart med heim frå Bergen i går. Fem timar køyring kvar veg er ikkje noko å snakka om når mor vil på IKEA....

Vi skal montera hjørnesofaen i ettermiddag, men først skal vi på konsert og høyra kva jentene har lært på korhelg og så blir det farsdagsbuffèt før alle fire landar i heimen.
God søndag!