tirsdag 1. februar 2011

No e` sola komma :-)

Ja, sola har faktisk funne seg ein lita glipe mellom tindar og toppar der ho kan blunke ned til oss nede ved fjorden.

Ho byrja blunkinga 21 januar, med eit kort blunk bak grå skyer, som vanleg.

Det same gjentok seg alle dei første dagane, vi kunne berre innbilda oss at ho skein ned til oss attom skyene. For vi såg ho ikkje ordentleg, berre på lat.

Men 26. januar i halv fire-tida var ho der med ein ordentleg godblunk som varte lenge.

Berre sjå kor fint ho blunkar ned til oss attom Bergheim.



(All blankisen, tenkjer vi ikkje på når ho skin slik)

Og med sola kjem vårfornemmelsane. Og higen etter frisk fargar.

Eg kunne ikkje gå forbi desse rosene på bua i dag, og så billige dei var,
20 roser for 59, 5o på medlemstilbod!



Coopen er tingen!

Dei hadde òg eit vårgrønt talglys, men det kjøpte eg i går.

Sol ute, vår inne!

1 kommentar:

  1. Jammen er det godt å få litt vårfornemmelse tidleg i februar. Her er is og hålke heldigvis borte, og sola varmer godt når ho kjem fram. I dag vil ho ikkje - det er grått og regn. Men, det gjer ingenting, for gradestokken viser 9 raude, og vi slepp å gå med 4 lag ull inne i leiligheta. Så flott utsikt som de har har vi rett nok ikkje her. Kos deg med solstrålane, både dei ute og dei inne. Irene

    SvarSlett