tirsdag 18. januar 2011

Bursdag i ein fei

I morgon fyller yngstedamen 7 år!?

Og det har vore nedteljing sidan før jul til denne dagen, der ho laga til eit ark med nokon og 70 ruter og så klipte bort ruta med det høgaste talet kvar dag. Då hadde ho kontroll på kor mange dagar det var att til 19. januar!

Men så vart det rasfare og stengte vegar i helga, og det var uvisst om dagen kunne feirast med vener og onkel & co. Vi byrja å førebu ho på at det kanskje vart feiring "berre" med oss og dei i Solbakken. Ho tok det veldig tappert og fint, store lille jenta. Lurte berre på korleis det gjekk med pakkane som kjem i posten, men då vi sa at dei kom fram så snart dei fjerna bommen, var det ok òg.

Heldigvis opna vegen i dag kl 12, og ho fekk vera ein time på skulen og endeleg dela ut invitasjonane. Då ho kom heimatt gjorde ho tapt skulearbeid i ein fei, og i kveld har ho dekka på 16 kuvertar og tenkt nøye gjennom bordplasseringa.

Ho forstår at det fortsatt ikkje er sikkert at alle ungane kjem, fordi foreldra er skeptiske til ras-strekninga mellom Skjolden og Sørheim. (Og vi har full forståelse for det!)
Men ho får
- prosesjon på senga med song, kake med lys, og gåver
- vera på skulen for første gong på ein bursdag
- leika med andre ungar i snøen og grilla pølser på bål + marshmellows, sjølvsagt ;-)
- opna gåver og vera i fokus ein heil dag
- eta gele, muffins, marsipankake og sjokoladekake som ho har bestilt
- kveldsbesøk av onkel & co og andre naboar og vener

Då vi hadde vore inne på Skjolden i dag og følt oss heilt trygge etter vegen (og fått kjøpt inn fløyte og anna til bursdagskaker), bestemte vi oss for at vi held selskap på dagen som ho ynskjer.

Etter middagsgjester og rydding av kjøkken etter dette, laga vi kaker og bursdagsbord på 1-2-3.
På 4-5 timar inkl. pausar var alt i boks.

Det er trass alt den 13-14 barnebursdagen vi stellar i stand til, og team Lerum er efektive når det gjeld. Når vi i tillegg fekk god hjelp av middagsgjestene, gjekk det som ein leik.

Så no får vi håpa at 7-årsdagen svarar til forventingane, og at vèrgudane (og veggudane om dei finnst?) blir med på team Lerum dei òg.
Gratulerer med 7-årsdagen Martha i farta!

2 kommentarer:

  1. Gratulerer så mykje med bursdagsjenta!! Helsa så masse frå oss uti fjorden. Hell og lukke, og open veg...!

    SvarSlett
  2. Gratulerer med 7-årsdagen!

    SvarSlett