fredag 30. september 2011

Hausten er visst her.....

Det har i grunnen vore haustleg lenge no, men vi har ikkje gitt heilt slipp på håpet om sommar i september. Inntil i går. Då rydda mannen tunet fritt for stolar og bord, hardt medfarne blomsterkrukker og sommarleiker.
Resultatet vart bra, så bra at mannen sporenstreks tok i bruk tunet til parkeringsplass.
Der pick-upen står, skal det bli plen og kanskje ein liten oppbygd urtehage til sommaren. Frå verandadøra og litt bortom trappa som de  så vidt ser i skal det bli platting.
Holet til venstre er septikktanklokket som vi lyt gjera noko med sidan det kjem rett under terassen. Klessnora skal flyttast til andre sida av huset der vaskerommet er.
Ting tek veeeldig tid her i huset......


Då vi reiste på sommareferie og potetåkeren enno ikkje var pløyd, tok mannen i huset ansvar og sette 3 poteter ned i kvar si krukke.
Vi får vel setta av ein dag til potetopptaking......


På jordhaugen som har lege i tunet vaks det tre solsikker som vart flytta over i  krukker då haugen vart fjerna. No er det visst berre ei av dei att i god skikk.
Då blomsterkrukkene vart flytta inn i kjellaren, fekk eg berga dei få blomstrane som var friske og raske. Dei fekk god plass i ein vase. Og då eg var på sauegjeting i morges fann eg tre raudkløverar og ein smørblomst som eg supplerte med.
I vasen bak er det gravenstein og prinse-epler. Sommar- og haustgoder på same bord!
."Veslemøy ved Rokken"
           av
    Arne Garborg
D'er Haust. Det ruskar ute
med Regn og kalde Vind.
Smaafuglen flyg mot Rute
og vilde gjerne inn.
Men under Omnen god,
der ligg paa Sekkje-Pute
han gamle Mons i Ro.

Der ligg han trygg og drøymer
Og blinkar stilt og smaatt
og alt i Verdi gløymer
og hev det varmt og godt.
Og segjer ingin Ting,
men liksom inn seg gøymer
med Rova sveipt i Kring.

Som Silke-Nøste fine
han ligg i mjuke Skinn
med Svevn i kvar den Mine
og alle Kløar inn.
Og glyrer likesæl
med kloke Augo sine
og murrar smaatt og mèl.

Skal vìta kvar du vankar
i blide Draumar no?
Kann hende dine Tankar
seg svæver lint til Ro
i gamall Minne-Krins,
som stilt i Hop seg sankar
fraa den Tid du var Prins?

Venaste Prins i Verdi
du gjekk i Skogen grøn
med Gullhaar yvi Herdi
og ung og keik og kjøn
og tenkte paa den Møy
som gjekk og henta Bæri
so vide under Øy.

Daa kom den Trollheks blide
med Sving og Sveiv og Svins
fraa Trolleheimen vide
og saag den vene Prins.
Men skræmd han fraa ho skvatt.
Daa las ho Trollbøn stride
og gjorde han til Katt.

Sidan so vidt han flakkar
igjenom Skog og Skar,
langt yvi Berg og Bakkar,
og kjem til okkons Gard.
Her kann i Ro han døy.
Her vil han kvile, Stakkar,
og tenkje paa den Møy.

Aa hu! det ruskar ute
med Regnvind sur og graa;
Smaafuglen flyg mot Rute
og liksom bankar paa.
Men under Omnen god
du Mons paa Sekkje-Pute
skal drøyme lognt i Ro.

Men gode, gamle Georgen ligg ikkje attmed ovnen,
men i godstolen for å ha den beste utsikta utover sitt kongerike.



God haust og god helg!

onsdag 21. september 2011

Nokon med grøne fingrar og klokt hovud?

Når ein tilbringer halve dagen i og ved sofaen,
legg ein merke til ting ein ikkje har sett før (eller eventuelt har oversett...)

Bonsai-treet vårt, foreksempel. Det har liksom fått eit villskot. Skal eg klippa det bort? Vil egentleg tru det, men er ikkje sikker. Resten av treet har fått mange nye, grøne blad. Det er ikkje p.g.a. stell at det har fått ein ny vår, det likar sikkert regntid og skodde.
Klippe eller ikkje??


Globeliaen ( trur eg den heiter) fekk eg av mannen min før påske for at den skulle stå i ein samanplanting med påskeliljer.
Den blomstra og blomstra av, og sidan vart den berre  ståande her i glaset.
Plutseleg var den full av knoppar, og no har den stått lenge med minst dobbel så mange blomstrar som i vår. Heller ikkje den har fått regelmessig stell, men kanskje den likar dei kalde kaffeskvettane våre?

 (Det eg har sett mest på desse sofa-vekene er dei umåla vinduskarmane,
som blir mørkare og mørkare for kvar dag.
Men i morgon skal det kjøpast inn måling, så får eg ta ei fjøl om dagen utover hausten)

 Denne voksblomsten fekk eg av søstrene mine for fem år sidan då eg vart påkøyrt bakfrå av ein pansra Jeep i 70 km/ t.
Den har stått i glaset og blomstra med fine rosa skjermar med jamne mellomrom.
Sikkert ein voldsomt hardfør sort, dette, som kan overleva 5 år her i huset.
No har den fått nokon lange "stenglar" utan blad e.l.
Kan eg klippa av desse, eller må eg fortsetta å gøyma dei inni resten av blomsten?
(Berre for at dei skal spretta ut att i løpet av dagen....)

 Det vart eit kort i full fart i gårkveld òg, ikkje mykje dill og dall. Men litt artig bretting og ein racerbil gjorde susen, tykte eg ;-)

I dag har eg planer om å steika farmorlefse/ tjukklefse, men blir det ikkje i dag, får eg gjera det ein annan dag.
Fin filosofi!

torsdag 15. september 2011

Kortgleder på kontoret

I dag har eg kosa meg på kontoret med litt kortlaging.

Først vart det eit trappekort med nydelege ark frå Pink Paislee som eg bestilte frå Papirplaneten
Det er nesten for gale å "øydelegga" det fine papiret med pynt.
Veit ikkje heilt kva eg skal gjera med det....

Så vart det eit anna brettekort til ein gutebaby som vi skal på besøk til i morgon.


No må eg vel koma meg bort frå pulten og vera litt husmor ;-)

Kortlagings-snop

Nina gir bort ein komplett laurdagsgodtpose for oss kortdamer - og -karar.

Berre sjå:

Dette hadde vore noko å komplettert kontoret med :-)

fredag 9. september 2011

Fin torsdag


Det måtte berre bli ein fin torsdag når den inneheldt desse ingrediensane:

Haustsol frå nesten klår himmel


Fiiin lunsj med restar frå onsdagskvelden

Litt kortlaging på kontoret

Heklenåla vart funne fram og desse korgene såg dagens lys 

Ericaen passa perfekt i ei av korgene
Fin torsdag - og god helg! :-)

mandag 5. september 2011

Gode naboar er gull verdt!

Då vi kom heim i gårkveld etter ei super nordmørshelg, med lille Lars som høgdepunktet, var hus og heim i beste skikk!

Naboane hadde stella godt med griser, høner og katter, men i tillegg har dei nok bruka mykje tid på huset. Alle dei 4-5 maskinene med kle som hang ute - og inne - låg i sirlege bunkar på bordet. Oppvaskmaskina var tømt. Blomstene var stella med og dandert på ulike stader. I gangen låg eit "nytt" tjukt og mjukt teppe. Lenger ute i gangen stod alle skoa på geledd og tok i mot oss.

Og inne på kjøkkenet fann vi følgjande å lesa på tavla:



Bra med ei slik påminning! Men enno betre med gode naboar!!

Tusen takk til Inger og Magne - som i morgon stiller opp med å henta ungane på skulen etter leksehjelp og ha dei heime hos seg til vi kjem att frå Førde..... :-)

søndag 4. september 2011

Bursdagskort på 10 minutter

Yngstejenta skulle i bursdag denne veka, og ho forlanga eit mamma-laga kort. Mamman gløymde heile kortet til seint siste kvelden. Men med spillbinders gjekk dette som ein røyk.
Hjertekort på 1-2-3!
No ser eg at pyntepapirhjerta skulle vore rettare, men pyttsann. Bursdagsgjesten var fornøgd!

Inni var det veeeeeldig enkelt. Her trong berre yngstejenta å skriva namnet sitt, så slapp vi å bruka lang tid på kladding og skriving om morgonen før avgang.


Baksida



lørdag 3. september 2011

Bryllaupskort

Plain and simpel..... men ganske søtt ;-)




Hjertet inni er dobbelt med plass til å skriva.


Hjerte-tema..... som seg hør og bør!








fredag 2. september 2011

Tante til Lars gjer ting ho ikkje kan.....

15. august kom lille Lars til verda, og i helga er vi oppe for å helsa på han og foreldra. Etter å ha sett diverse "bleiekaker" på nett og i blad, fann eg ut at det kunne vore moro å prøva.

Eg kjøpte band, lysfat og løpar på Nille. Sansepute hos g u r o på epla.no, smokkar med namn på namnesmokken.no og strikka vaskeklutar i mjukt bomullsgarn. Då bleiene var i hus, var det berre å setta i gang, og slik vart resultatet:








Men tante Hilde kunne ikkje koma på besøk utan kort! Då eg kom over denne vugga på Bodils hobbyblogg, var eg klar for å prøva.


Men eg og vesle Jensemann hadde mykje til felles då eg bretta, kutta og feila. Vugga vart veldig smal, og kortet (les: "dyna") er det minste kortet eg nokon sinne har laga :-)


Men det vart no ganske sjarmerande, tykte eg.









Når de les dette er gåva overbringa, forhåpentlegvis med cellofan rundt, så får vi sjå om foreldra og lille Lars blir fornøgde :-)






Bok-kort

Då vi var på interrail kjøpte vi to smykker til to juli-bursdagsbarn. Då eg dumpa over denne idèen, måtte eg berre prøva. Litt arbeid med å brette "boksidene" elles var det forbausande greitt.