torsdag 24. januar 2013

Martha 9 år!

Laurdag hengde vi opp balkongflagget og feira 9-åringen vår frå morgon til kveld!
 
Det var ein trøytt jubilant som fekk gåver, kake med lys og flott morgonrusten song på senga, sjølv omvi drøyde prosesjonen til nesten halv ni.
 
Trygve (og litt Hilde) hadde ein gratis gåve på lur,det visste ho på førehand.
Men ho greidde ikkje å gjette kva som skulle skje då vi batt på ho eit skjerf og tok ho med på ei lita vandring med lommelykt i handa...
 
 
Eit av kotta som er ved sida av rommet hennar var nemleg tømt
utan at ho hadde merka det. Det hadde ho ønskt seg lenge!

Damene rigga til og dekte bord, etter alle kunstens reglar.
Sidan det var papirduk (og vi hadde gløymt å kjøpa pappbeger) fann dei ut at dei kunne skriva namna på gjestene rett på duken!
 
Allereie ein time før gjestane var venta, var dei ferdig kostymerte :-)
 
 
Etter pølser med brød og /eller lompe, var dei klare for film.
Og då høyrer popkorn og godt med.
Sidan storesøster har erstatta godteposene med godteskåler dei to-tre siste åra, fann vi ut at vi gjorde det i denne bursdagen òg.
(Sparar litt tid på å sleppe å telja til 18 stk på kvart smågodt..)

Med fruktspyd som motvekt mot alt det usunne....

Til slutt var det kaker, is og gele.
Og resten av godteriet.
17 trivelege ungar til bords og i hus er ingen sak!
 
Om ettermiddagen kom dei vaksne gjestane, og Martha blas lys enno ein gong.
 

Ho hadde invitert så mange gjester at vi måtte fordela oss på to bord,
veit ikkje kva selskap som var mest høglydt eg... ;-)
 
Dette er eit sprekt trekløver med 261 år på bakane sine!
Aldersforskjellen på den yngste og eldste gjesten var vel 93 år!!!
 
Det var ein nøgd jubilant som snubla opp på loftet etter ein pizzabit i elleve tida.

1 kommentar:

  1. Så kjekt å lesa nyhende på Leri-bloggen att! Og opptil fleire på ein gong!! Ser ut til at Martha hadde ein flott dag, med masse gjester og fleire selskap :-)

    SvarSlett