søndag 24. februar 2013

Vinterferie på Kanestraum

Etter kulturøkt og feriestart på skulen fredag, sette vi kursen mot Nordmøre.
Men først skulle bilen pakkast....
 
Søndag vart lille Åsa døypt, og ei stolt tante bar ho til dåpen
 
 
Festen var på Skulstuå, og som vanleg var det eit triveleg lag!
 
 
Vel heimkomne til Straumen att etter festen, starta Kristen opp med arbeidet sitt med å tømme reiskapsskuffa til tante.
 
Det var vår og blankis på Kanestraum, og bakkane opp til Brynnhaugen og Nausthaugen vart i grunnen glattare og glattare medan vi var der.
Her har far og sønn gått opp "ekrå" for å koma opp til tante Hanne & co.

Det vart alt for lite speling i ferien, men eg rakk i alle fall to slag med dette i lag med Hanne og Kirsti. Hugsar ikkje kvar det heiter, Ubongo??

 
Tysdag hadde eg transportoppdrag. Farmor skulle hentast og bringast tilbake. Ho hadde med seg tre fat med flotte snittar - og ullbukse til Kristen!

 
Her er den spreke dama som nyleg fylte 85 år med sitt yngste oldebarn
 
 
 
Den siste feriedagen min bruka eg til å friskna til etter ei natt med farang,
mest ligging i sofa og på brisk...
Torsdag var vi klare for retur, og det strøymde til frå alle hus for å seia ha det til oss.
Desse seks hadde det veldig kjekt i lag!
Tenk så heldige dei er som har søskenbarn, det hadde ikkje eg og søstrene mine i den alderen!
 
 
Det er heller ikkje ofte at desse tre er på same stad til same tid!
 
 
Her prøvar Dordi den nye mobilen min som kan ta panoramabilde!
 
Og så bars det heim til Sogn att.
Avgang kvart på elleve, heime kvart på åtte - etter litt shopping i Sogndal!
 


1 kommentar:

  1. Flotte bilete, Hilde! Kva mobil tek panoramabilete, er det IPhone? Kjekt med familietreff😄

    SvarSlett