mandag 6. januar 2014

Måndag, ny veke og nytt år!

Godt nytt år!
Først nokre bilete frå nyttårsfeiringa vår.
 
Kristen følgjer godt med på talen til Kong Harald!

Ein glad, men litt trøytt, matros :-)

Eit trivleleg lag!
Etter kalkun og skinkesteik med allskens tilbehør var det to sortar dessert....
 
 Klokka nærmar seg midnatt, god oversikt over Sørheimsbygda og Luster frå Solbakken.
 
 Martha skålar i (alkoholfri) sjampis for det nye året.
 
Godt nytt år!
 
Då vi kom innatt var det kaker, multekrem og kaffe.
Og jammen fekk vi lokka Inger til å ta nokre trekkspeldrag!
 
Etter to arbeidsdagar og ei fin helg, var det godt å koma i gjenge igjen.
 
I helga hadde vi triveleg overnattingsbesøk av Adelheid, og dei to damene hadde ymse prosjekt for seg. Nokon fekk Dordi vera med på, andre
var nok berre for dei som manglar nokre veker på å vera 10 år!
 
Her er dei nissar som bur i fjøset, dei er kledde eksakt likt, sjølvsagt!
 
Martha og Kristen med støvsugarsveis.
 
Måndag  = fridag for meg, og det føles som ein evighet sidan sist eg var heime i lag med Kristen. Vi prøva oss på ein liten trilletur, men måtte snu ganske fort, for vinden var jammen sterk i kasta i dag!
 
Sonen vår er eit lite vanedyr, for etter turen brukar han og pappaen å eta gryn.
Eg forstod ikkje med det same kvifor han absolutt skulle inn på kjøkkenet då vi kom inn, men det forstod eg med ein gong då han fekk trua seg inn der.....
 
Eg har rydda bort julepynt og julekoppar i dag, men er ikkje heilt ferdig.
Må venta på ei oppvaskmaskin til før eg kan bera kassen opp i gammelhuset.
 
Slik var vèrbruket ute i dag, slike dagar er det best å halda seg inne!
Lysa ute på verandaen og i jasminen på terrassen får lysa ei veke til.
Det er no ikkje lyst om dagen enno, så det trengs litt kunstig lys!

1 kommentar:

  1. Kjekt å lesa og sjå frå Leri! I dag stenger dei vegen, så då må du vera flink å oppdatera så me ser kva som skjer på "hi sida" ;-) Me treffast forhåpentleg innimellom i denne tida og (p.s: gratis båt!!), og så får me vurdera ein heidundrandes etterpå :-D

    SvarSlett