onsdag 15. juni 2011

Kva i all verda er dette?

Alle som er innom verandaen eller har kika ut/ opp på den kjem med same spørsmål:
Kva er dette?
Ikkje rart folk spør, men det er altså her vi skal ha tomathausting utpå sommaren!
Hengjande planter, særs lettstelte og greie. Fyll opp vel halvparten med jord, gjødsling og vatning frå toppen. Voilà, tomatoes! Så seier reklamen!
Så får vi sjå!
Plantene fekk eg av Valborg, takk til ho! :-)
Desverre knakk den største planta då vi skulle tre ho inni ballongen sin, men reknar med vi får rikeleg tomatar av dei to her...... (Ironi, vi får jo intet til å veksa å gro....)





Kjellaug, brydde seg ikkje mykje om framtidig hausting, men å leika med blada var kjekt! :-(




Eg har ei stor tomatplante på verandaen òg, så no er kappløpet i gang.

Kven av plantene får (flest) tomatar, dei som heng opp ned eller den som står rett opp og ned!?


Herifrå og ut handlar det berre om kattene i huset.

Og som de ser har kattene posisjonert seg.




Georg skodar utover sitt kongerike - og litt bort på Kjellaug!



Det murrast....... Artige katter; sloss så håra fyk og et av same skål. Merkeleg!



Teater-snurr

Pinsehelga flaug (sjølvsagt) fort i veg.





Sjølv om vi bur "der ingen kunne tru at nokon kunne bu",

er ungane lik foreldra når det gjeld å vera sosiale.

Så her var det ein kjekk overnattingsgjest frå skulen slutta fredag til

skulebussen gjekk tysdagsmorgonen.

I tillegg var ein ung pinsegjest flittig til å besøka oss.

Så då var det full rulle for damene og besøket deira.



Søndag var det klart for forestilling i stova. Gjestene hadde fått invitasjon -og fribillettar - personleg overbringa, og var overvelda over at alt var gratis. Dei ga mykje i kollekt....

Popkorn i heimelaga "strutar" vart overrekt når publikum kom til billettbua.





Kostymeskifta var mange, innslaga like så....








Alle fire deltok med både trylling, dans, skodespel. Og i pausane var det blokkfløyte-reklame :-)










Publikum let vel og applauderte høgt og skodespelarane var godt nøgde med forestillinga!




Ære være kreative ungar som kan finna på noko anna enn å sjå på tv, spele data, playstation og nintendo!!! Håpar det skjer oftare!

fredag 3. juni 2011

Kort og godt innevêr

Så er den etterlengta langhelga halvveges, og finvêret dei meldte har visst funne andre vegar enn hit mellom fjella... Ja, ja fri er fri og vêret kan ein ikkje gjera noko med. Ergo har eg tilbragt nokre timar på kontoret (som forøvrig er alt for lite, snakk om å ha system i rotet...)
Og vi har vore i tre bursdagar, i dag skal eldste dottera i sin fjerde. Og då må det kort til!


Her er eitt til jubilanten på 52 som hadde invitert hyttenaboar og fastbuande til taco og kaker og avslutta kalaset med speedbåt med gjestene etter i tube og på vannski. Fantastisk!
Eldstejenta vår fekk første tur med tuben, då var taua festa feil slik at ringen låg under vatn i fart og ho bedyrar at karane heldt på å drukna ho. Men ho vart ikkje meir skremt enn at ho etter å ha svømt 100 meter mot land (i redningsvest og badedrakt) var klar for ein runde til.
Men då var ho iskald og hoppa i dusjen og hadde på seg ullkle. Bading i fjorden klokka halv elleve om kvelden utan at sommaren har vist seg, er KALDT!!


Dette kortet skal eldstejenta ha med seg på bursdag i dag, med pengar i, sjølvsagt. Det er jo ei lommebok.





Dette laga eg då "hussnekkaren" inviterte seg og foreldra på sin 39-årsbursdagsfeiring her i huset. Han har fortalt at han åt ein melkerull kvar dag då han var yngre, ergo måtte han få det
Kaker og kaffe høyrde sjølvsagt til - og heimelaga kort som ungane laga, men ingen tok bilete av.






Dette laga eg til supernaboen på 64 som er ein sjokoladeelskar av rang.



Dette er til svigerinna mi, slik litt på etterskot. Fint prikkepapir!!




Her er bursdagskort til søstra og konfirmasjonskort til ei jente. Laga over same lest, kan du seia!


Datamaskina vår er alvorleg sjuk, begge hengslene er kaputte og ho må støttast oppe av det vi har for handa. I går var det puter, i dag er det 8 kg mjøl ;-)

Men ho virkar.

Og no ser eg sola, ut med meg! God helg!

torsdag 26. mai 2011

Du blomstrande rotdempar

I dag då eg kom att frå arbeid, låg det ein haug med epleblomstkvistar på kjøkkenbordet.



Mannen hadde vore oppe på ein av (dei 100) plassane i grenda han slår gras og beskore epletrea slik at det blir mogleg å koma til med høyvendar her og der.




Og eg vart superglad, dei var så fine!




Eg sette dei i ei krukke og "restane" i ei skål med vatn.Inn på stua med dei.





Voilà, ingen ser rotet.....det er i alle fall lov å håpa!

Linselusa Georg som et på alle blomstrar er sjølvsagt med.

(Kvifor gjer han det? Er det vanleg for katter??)


Dei første blomsterbukettane frå ungane som kom inn i går er flotte dei òg! :-)


onsdag 25. mai 2011

I farta....

Medan eg var i gang - og noget irritert på bilda som ikkje let seg lasta opp - ville eg likevel prøva å fullføre bildekavalkaden min.




Konfirmanstsøstra mi som hadde æra for at vi damene fekk oss ei Nordmørshelg i mai.


Teaterkaffe på verandaen etter at klassen min hadde vist fram Reisen til Galakse 2409.

Flinke elevar!!!



Her er damene på Bergheim med Sørheim der nede i bakgrunnen.



Fine bunadsdamer, dei finaste her , faktisk!!!
17. mai var ein fin dag med fullt program i lag med glade folk. Ingen hugsar vel at det faktisk var regn og kaldt?

I tillegg har eg stulla på kontoret og laga litt kort. Kanskje eg skulle laga eit kortinnlegg att?

Veit de, det er berre vel tre veker att til ferie!!!!! :-D

Kjøle te færsømmels......

Ups, eg har visst ein blogg. Og det er ikkje det at det ikkje har skjedd noko sidan påske, heller tvert i mot. Dagane har floge i veg, og eg med dei.
Altså; ein kjekk månad sidan sist eg hadde eit innlegg. Men bilete seier meir enn ord, så då blir det ein bilde-highlight frå noko av det dagane har vore fyllte med.






Sommar har vi hatt, og "Knudsen og Ludvigsen" baud på ei flott forestilling i kulturhuset i Sogndal!




Auget til Georg er ikkje bra, men han ser elles ut til å vera gamal-lik seg :-)




To fly kryssa himmelen over garden, og med fire ledningar attåt, vart det eit ganske stilig bilete!?




Damene har vore på Nordmørstur, og drog opp både lyr og torsk!






Eit oldefarfang er godt å sitta i .......




- eller i eit onkelfang i rullestol ;-)


Skulle sjølvsagt ha med eit bilete av konfirmanten, men det vil ikkje bloggen........




Dordi fann pensum i naturfag oppi Drivdalen, ei gamme!

søndag 24. april 2011

O' herlege påske!

Denne påska har vore heilt fortreffeleg. Rett og slett!
Og det gjorde ikkje noko at tidlegsommaren kom på å koma akkurat no heller.



Det har vore varme, fine dagar.
Mykje besøk til både store og små.



Rundt kjøkkenbordet har det vore trongt om saligheita, på verandaen likeså.

Skjærtorsdag hadde vi i følgje mannen besøk av 20 personar! Akkurat slik vi likar det! :-)










Middagsgrilling nede på stranda.



God gamaldags basar med åresal der du kunne vinna medisinskåp, silketruser, heimestrikka


labbar og luer, gåvekort, bålpanne, syltetøy, klokke etc.




Ungane har sesong-opna Kafè Sørheim under verandaen, og i går tjente dei over 100 kroner på å selga vafler til bilturistar og kafègjester. Kroner 23 pr ansatt vart inntekta :-)




I dag er dei i gang att... Haba haba tonar utover grenda, og dei ansatte er rytmiske!






Påskeharen - eller påskemamma - hadde laga alfabet-rebus og glade ungar fann egg ++++


"ved rota til det store morelletreet"



Festen påskeaften var veldig kjekk, med mange glade og artige folk.



Og 1. påskedag åt vi sein middag med lammesteik med fløytegratinerte poteter, grønnsaker, sopp og løk. Mmmm..


Akkurat no er det stille i huset. Ungane vart med "heim" til ein påske-unge, mannen styrar med fjøs og eg..... trur eg skal lura meg ut på kontoret og laga fleire kort. Om ikkje sola kikar fram, då lyt eg ut. Og kanskje nokon kjem og drikk kaffe i dag òg.... Det lov å håpa!