torsdag 28. mai 2009

K for....?


I barndommen og ungdommen hadde eg god kontroll på alt eg skulle hugsa, trong ikkje skriva lister og notatar - hugsa det berre. Det vere seg avtalar, telefon-nummer, beskjedar eller anna. Hilde hadde kontroll! (Hugsar framleis nokre av dei to- og tresifra telefonnummera heime...)

Men då eg nærma meg 30 var det slutt på "klisterhjernen".
Eg hugsar godt korleis det starta. Eg var SFO-leiar på Seljestad barneskule i Harstad, og der var det mykje hugsa på! Hugsa eg det ikkje, gjekk det utover andre, og det ville eg sjølvsagt unngå. Ergo byrja eg å skriva på handa mi; stikkord og hugsebokstavar.

DÅ var det slutt på hugsen min. Har aldri funne han att.Så no må alt skrivast ned, og handa er ofte full av bokstavar som gjer at eg skal hugsa.

No har visst hugsalausa teke eit steg til: Det står ein K på handa mi, og eg har ikkje peiling på kva eg skal hugsa. Hugsar kvar og når eg skreiv han på, men ikkje kvifor. Mannen i huset var og med på skrive-seansen, men heller ikkje han greier å hugsa kva K-en står for.

Så om det er nokon der ute som eg har lova å gjera, sjekka eller handla noko K til.... så veit de kor langt det prosjektet er kome. Snart står ikkje K-en der ein gong...

onsdag 20. mai 2009

Uverkeleg


Då eg opna ytterdøra frå kjøkkenet i morges, var det nesten slik at eg kvakk til.

Svåla med blondane sine var erstatta av ein palle, og ei gravemaskin stod parkert oppi jorddungane i tunet.

Det var sjølvsagt slik i gårkveld då eg la meg òg, men det var først i dag eg "oppdaga det".

For det er som ein draum at påbygging av vårt hus skal bli verkelegheit..

At vi skal få dei romma som skal skapa litt meir "ordning och reda" i heimen(vi trur på det til det motsette er bevist).

Bod, spisskammers, kjølerom, vaskerom, kontor og gjesterom med RIKELEG klesoppbevaringsplass. I tillegg kjem eit høgt ønska bad med litt betre plass og standard enn det vi har i dag.

Dette blir så bra!

Tenk at det er eg som sit og kikar i katalogar og blad, surfar på nettet og får gode idèar og tips -som faktisk skal brukast!!
Baderomsutstyr og møblement, fliser, panel, belegg, dører og glas...vi skal jammen kjøpa det!
Huset skal tilbake til sveitserstilen heilt og haldent, 50-talsoppussinga skal fjernast.
Det blir så fint eit lite dukkehus, trur vi.
Dette blir spennande! Eg gler meg!



PS! No kom mannen i huset (som framleis er litt skeptisk til prosjektet, mest økonomisk, trur eg) heim frå bliblioteket med tre bøker om interiør og fliser -uoppfordra! Jø, mann!
Trur han gler seg litt han òg, innst inne....

tirsdag 12. mai 2009

Prokrastinasjon

(prokrastinering, av gr: pro-til, kras-seinare)
Prokrastinering betyr altså å utsetja oppgåver til seinare.

Tenkte å skriva eitkvart om dette som vi er så gode på her i huset,
men kanskje eg heller ventar til i morgon?!

Trur det blir slik!

torsdag 23. april 2009

Vårsøg

No er det vår på Sørheim!!
  • humlene surrar og fuglane kvitrar
  • vi er meir ute enn inne om ettermiddagane
  • ungane er brune av møkk -og sol
  • ullkle er erstatta av t-skjorter og skjørt i vaskemaskina
  • møkkjalukta brer seg og traktordur er høyrbar dagen lang
  • bekkane og elvane transporterar store mengder med isvatn ned i fjorden
  • trea er grøne og knoppane på frukttrea er snart klare til å brista
  • nordmørsimporterte kvitveis blomstrar nede ved bekken
  • sola varmer og lyser til leggjetid for ungane, og vel så det
  • hannkatten er berre innom for mat og kort kvil
  • lamme-banden spring ut og inn av fjøset i eitt evig rush
  • hanen med haremet sitt spankulerer i tunet, og rushar av og til med lamme-banden

Måtte sola og finvêret vare ved, heile våren og sommaren med!

No skin de sol e høgste Svealiå
No bli de vår, det kjenne e so vel
De søng så trongt kring alle dalasiå
å synnåvinn han kjem å gjer me sel.
-
Når sommarn kjem, da bli det fint e fjellå,
da ska e dit å hør kår bekkjinn søng,
å kliv te topps e brattast berjestellå
å vea tort å tåg å tåbærløng.
-
E kjenne lokt tå gras kring alle haua,
å sola skin, å bjøllåin kling så kløkt.
Å tjønninn legg så blank der e ska laua
me berg ekreng, der e kainn sol me trøkt.
-
Å du, å du, kår sårt å sælt e stoinna,
når sola skin frå kvite høgdå ne.
Da væt e vår'n han e kje lenger oinna
at e får levva slik ein sommar te.
-
Da væt e vesst at bekkjinn legg å venta
poinn kalle isa me så sval ein drekk.
-Når hausten kjem å sistkveldskløva henta,
da ska e takk for sommarn så e fekk.

lørdag 11. april 2009

Påske i grenda

Påska er kanskje den tida på året at det er flest folk her.
Etter ei grovteljing i går, kom husbonden fram til at det er ca 60 påsketuristar her desse dagane, det vil seia at det er berre 1/4 som er fastbuande.
Det som er rarast, er at det truleg er berre ei med familie som er heimatt til foreldra sine - dei andre kjem til tomme hus og hytter...
Måtte 10 % av dei som nyt feriar her, busetja seg i grenda!
No får vi besøk utan at det er bilar i tunet, folk kjem innom i fjøset og huset, turgåarane er nede på vegen - og basaren her skjærtorsdag trekte 12 gonger så mykje som innbyggjartalet.
Vi vil ha fleire folk buande i grenda! Det er egentleg det det handlar om -heile tida, kvar dag heile året!
Velkommen!

torsdag 2. april 2009

Bøtteballett....

Etter litt att-og-fram-form på yngste dama (Ho spydde ein dag og var frisk den neste), torde vi ikkje anna enn å bera spybøtta opp på loftet til ho i går kveld òg.
Kosedyra måtte atter ei natt sitta på bokhylla og sjå på ho -ikkje kjekt i helga då halve dyreparken vart utsett for angrep!
Vi gjekk og la oss, men det tok ikkje lang tid før ho ropte på mamma. Trudde vi... Pappa`n inn på rommet hennar, ho sov søtt....
Det var største-jenta som var i gang med spying. Vi skifta på jenta og senga, og henta bøtta inne hos lillesøster som sov seg gjennom fleire rop, skiftingar og tørkingar.
Ut på natta vart det atter ein gong ropa på mamma, og pappan reagerte fortast -men sprang atter ein gong inn på feil rom...for storeøster sov, lillesøster derimot trong skift på seg sjølv og senga. "Bøtta var jo ikkje der, mamma...." (Dugnadsånda i natt var forresten uvurderleg!) Bøttemangelen var ein realitet, og vaskebøtta måtte til pers.
No er det behov for bøtter i alle rom der dei to sjuke ferdast (radiusen er takk og lov ikkje så stor) og i fjøset er òg den hardaste "bøttesesongen" i gang når alle fødande får einebolig.
Tenk om nokon hadde stått i tunet med 10 svarte bøtter til fjøset og 10 rosa alternativt grøne bøtter til huset......
I mellomtida har vi isboksar ståande i kvart rom- det funkar det òg. Så får sauene drikka på skift!

fredag 27. mars 2009

Helg!

Ei god arbeidsveke er over, travel men kjekk, som alltid!
Gjekk i mot mannen som kom frå arbeid.
Han hadde vore hos brødbakaren vår og kjøpt ferske brød!
Så no sit eg og et ei lunken brødskive med smør, sirup og brunost
medan eg ventar på at alle skal bli klare til avgang
på korøving for døtrene og korpsøving for frua!
Helg , og fredag i sær, er det beste eg veit!
God helg!