søndag 19. desember 2010

4. søndag i advent-morgon

Akkurat no skulle eg ha vore i full sving med grønsåpe og klut, ja kanskje til og med i gang med å plassera ut nissar, englar, hjerter og stjerner...

Ungane er invitert opp til dei nyaste naboane våre på aking, og mannen er oppe i skogane på skitur for å forsikra seg om at det ikkje er sauer att oppi der.

Men realiteten er at eg fortsatt sit i sofaen -med datamaskina framom meg.
Har sjekka om venene mine (alle 499) har opplevd noko sidan i går ettermiddag, skumma overskrifter i aviser og svara på nokre adventskalenderar.

Denne magiske saken som oppdaterer deg på nyheter nesten før det har skjedd, er jammen meg ein tidstjuv!
Det har skjedd gradvis.
Først var datamaskina i seg sjølv med skriveprogram eit under, så oppdaga vi spela som var med.

Så vart det internett på eit smalt band, og berre til bruk etter kl 17 for då var det ikkje så dyrt med teljarskritt.

Men så vart det breie band og fri bruk, det var då eg mista tida!
For tida går ufatteleg fort når du sit og surfar frå avis til avis, frå blogg til blogg.

No trur eg at det blir jul her i huset berre med dei 40 nissane som har kome på plass, og utan at eg har moppa taket fritt for byggestøv for n`te gong. Men hadde ikkje datamaskina stått så lagleg til for bruk, så hadde nok tida strekt betre til.

Men - det blir nok jul på Leri i år òg.
Og mail og aviser blir nok sjekka til og med julaften!
Så avhengige er vi her på garden.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar