søndag 12. desember 2010

Vips, så var det 3. søndag i advent...


Denne helga var (nesten) blank i kalenderen.


Jødde me, kor godt det er med slike helger!

I går fekk vi besøk som var med på å laga litt julesaker og åt graut i lag med oss.


Sidan spisebordet var omgjort til juleverkstad, måtte grauten etast på kjøkkenet.

Jammen var det plass til 9 grauttallerkenar og menneske rundt kjøkkenbordet!

Ei av smådamene ville ligga her til i morgon.
Dei sat og pusla med juleforming til dei gjekk og la seg (alt for seint.....), og då dei stod opp att i dag var dei først ute i fjøset og i akebakken før dei atter sette seg til med nissar og englar.


No har dei nett laga lussekatter. Sirleg laga etter eit bilete eg fann i Norsk Ukeblad.

Ingen av dei likar egentleg rosiner i bollar, så etter å ha laga nokre regelrette, byrja dei med unntaka ; utan rosiner!

Om de ser godt etter, kan de nok lesa kva "namn" dei har laga. sjå på den lange bollen.
Norsk skrivemåte går fint!

Og slik ser det ut på spisebordet etter at juleprinsessene har forlatt åstedet for å dansa til HØG musikk på loftet. For pauser lyt til, slik at målinga tørkar og kreativiteten kan få utløp i heile kroppen.
Dei kjem nok snart nedatt for å laga meir. Heldige er besteforeldre, tanter, onklar og naboar til desse jentene. Dei får nok mykje fint til jul!
For vips, vips, så er det fjerde søndag i advent. Men i dag lyt vi tenna tre lys og synga tre vers, så vent og fint vi kan!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar