fredag 24. desember 2010

Jul med senka skuldre og avslappa stemning

"Noko må vi ha gløymt", har vore gjengangar-replikken her i huset dei siste dagane.
For her har det vore lite kav og stress, god tid i sofaen med tv, aviser, blad og data den siste veka. Pakkar har (stort sett) vore klare til avlevering når folk har stukke innom oss - har hatt mange panikk-innpakningar på kjøkkenet medan kall og ungar har underheldt gjestene....
I år har det vore god tid til å settja seg ned og ta i mot besøk og til og med ha juleverkstad heile onsdag med ungane og gode vener.
Julekorta -og hovudpakkane- vart sendt i god tid før postens fristar.
Og det har vore så kjekt å henta posten her og sjå og lesa om familane til vener og familie. Vi set stor pris på julehelsingane som finn vegen til postkassen vår. Fotokorta heng vi fortsatt opp, men no når åkledet er borte heng vi dei på silkeband i staden. Julestrømpene ligg klare på vedkassen som farmor og farfar laga, og som eg har arva!

På bua hadde dei julerose då eg var innom etter siste arbeidsdag i 2010. Eg har høyrt og lese om rosa, og etter litt god reklame frå butikksjefen, vart ho jammen med i handlekorga. Ho stura litt første døgnet, heilt til eg fann ut at ho var tørst. Sidan har ho stått så stronk og strak i lag med ein medteken, kattespist dompap....
Stua vår har vorte lang, etter byggeperioden, fantastisk med så god plass! Julevimpelen er kome opp. På benken under har ungane laga seg ein eigen nisse-koloni rundt pepparkakehuset (som har mista både tak og pipe, egentleg.... men som får sett på taket kvar dag, og så glir det nedatt). Treet er litt pjuske, men med fin pynt og pakkar under, ser det ikkje så verst ut. Utanfor kan de så vidt skimta lysa frå treet på verandaen - det vart endeleg oppsett i dag!



På bordet står lysestakane som farfar har dreid. Hugsar eg fekk dei. Då hadde han, nennsomt og nøyaktig, laga mange slike stakar til borddekking for juleklubben til famor. Eg fekk to, og tvinga han til å skriva under dei, Iver 1991 har han skreve. Flotte stakar frå ein flott farfar! Og så kjekt å ta dei fram kvart år og tenkja på han.


Desse to nissane- og ei nisserot til - har eg fått av farmor og farfar. Ho har strikka og dekorert, han har sanka og skore til rota. Desse må sjølvsagt fram kvart år.


Farmor er ein kløppar med tråd, både med symaskin, strikkepinnar og heklenål. Og her er ein løpar ho har hekla til meg. Eg har òg fått raude hjertekuvertbrikkar og enno ein raud løpar ho har hekla til meg.
Farmor og farfar har altså æra for mykje av julestemninga mi. Det ringde eg og sa til dei i helga når eg fann fram att julepynt og juledukar. Men dei er ganske smålåtne begge to, og meinte det var eg som trylla fram stemninga ved å dandera.....
Eg er i alle fall glad for alt handverket eg har fått frå dei, både i tre, stoff og garn!Tilbake til den usedvanleg rolege førjulstida, eg veit egentleg kvifor det har vorte slik...

Vi, og eg i sær, har vorte mykje flinkare til å prioritera det som gjerast framfor det som burde vore gjort.
Det har ikkje vorte vaska rundt, gnikka og polert.
Loftet er heilt kaos, men gjestar held seg vel i første etasje, og der er det koseleg og ganske ryddig!
Lite av dei tradisjonelle sortane er i boks, men vi har no over sju slag lell.
Gjærbaksten har uteblitt, men fekk kjøpt halvsteikte brød på bua i dag - går heilt fint.
Alle får gåver, men vi har ikkje talt kroner, berre kva vi trur folk vil bli glad for.
Og heimelaga og sjølvlaga er suverent å både få og gi!

Så slik har vi tenkt og gjort i år. Veldig enkelt og veldig avslappande, men det krev litt vilje for å ikkje gjera alt eller noko ein burde.

Altså ikkje ei perfekt husmor-førjul, men ei super familie-førjul.
Dette skal gjentakast neste år òg!

God jul alle saman frå ei mislykka husmor men fornøgd Hilde

1 kommentar:

  1. God jul, kjære Hilde. Du er da ingen mislykka husmor! Det er jo mor, kone, lærer, venn, nabo, datter, søster og alt annet du er. Jeg bestemte meg for ikke å bli husmor da jeg var tenåring. Det er aldri for seint. Bestem at du ikke er husmor, så kan du heller ikke være mislykka.
    Dessuten: Så flott huset deres har blitt. Vi må somle oss innover å få sett på det snart. Jentene dine er så flotte og morsomme, og for en koseli mann du har! Og du, Hilde, er ei grepa jente! Hilsen Grete

    SvarSlett