tirsdag 28. desember 2010

Nokre få julebilder

Vi har vore sløve med fotografering i jula, dessverre. Men her får de no sjå nokre av dei vi har..
Juletreet vart tradisjonen tru pynta lillejulaften.
Litt pjuskete tre, men med mykje og fin pynt vart det reint staseleg!
Julenissane var ein höjdare ;-)
Saueribba og tilbehøret smaka fortreffeleg!
Forstår ikkje at fleire ikkje har fått augene opp for den!?
Hello Kitty-dama vår ønska seg, og fekk, masse Hello Kitty-greier.
Strålande fornøgd, som de ser!
Zhu-zhu marsvin stod høgast opp på ønskelista,
og nissen, kattene og slekta hadde fått med seg det.
Fleire pauser under pakkeopninga for å setta saman nye deler til banen
eller prøva nye marsvin :-)
Kjølerom og kjøleskåp er fulle av godt pålegg, og vi har vore heldige og hatt fire "brødmatselskap", så kjekt å møtest over matfata.
Her er dei flotte ungdommane som har flytta hit til grenda nede på kveldsmat 1. dagen.
Får skjerpa oss litt med fotograferinga vidare utover i jula!
Så lenge: God jul!

søndag 26. desember 2010

Verdas flottaste røvar-nissar

Julaften kom det tre nissar listande inn kjøkkeninngangen.
Dei hadde med seg Zhu zhu-marsvin og -bane, og ungane var glade.
Skjeggveksten var det ikkje noko å seia på, men dei lukta vêr.......
Vi vaksne - og nissane - lo og lo.

Ein god start på ein super julekveld!

fredag 24. desember 2010

Jul med senka skuldre og avslappa stemning

"Noko må vi ha gløymt", har vore gjengangar-replikken her i huset dei siste dagane.
For her har det vore lite kav og stress, god tid i sofaen med tv, aviser, blad og data den siste veka. Pakkar har (stort sett) vore klare til avlevering når folk har stukke innom oss - har hatt mange panikk-innpakningar på kjøkkenet medan kall og ungar har underheldt gjestene....
I år har det vore god tid til å settja seg ned og ta i mot besøk og til og med ha juleverkstad heile onsdag med ungane og gode vener.
Julekorta -og hovudpakkane- vart sendt i god tid før postens fristar.
Og det har vore så kjekt å henta posten her og sjå og lesa om familane til vener og familie. Vi set stor pris på julehelsingane som finn vegen til postkassen vår. Fotokorta heng vi fortsatt opp, men no når åkledet er borte heng vi dei på silkeband i staden. Julestrømpene ligg klare på vedkassen som farmor og farfar laga, og som eg har arva!

På bua hadde dei julerose då eg var innom etter siste arbeidsdag i 2010. Eg har høyrt og lese om rosa, og etter litt god reklame frå butikksjefen, vart ho jammen med i handlekorga. Ho stura litt første døgnet, heilt til eg fann ut at ho var tørst. Sidan har ho stått så stronk og strak i lag med ein medteken, kattespist dompap....
Stua vår har vorte lang, etter byggeperioden, fantastisk med så god plass! Julevimpelen er kome opp. På benken under har ungane laga seg ein eigen nisse-koloni rundt pepparkakehuset (som har mista både tak og pipe, egentleg.... men som får sett på taket kvar dag, og så glir det nedatt). Treet er litt pjuske, men med fin pynt og pakkar under, ser det ikkje så verst ut. Utanfor kan de så vidt skimta lysa frå treet på verandaen - det vart endeleg oppsett i dag!



På bordet står lysestakane som farfar har dreid. Hugsar eg fekk dei. Då hadde han, nennsomt og nøyaktig, laga mange slike stakar til borddekking for juleklubben til famor. Eg fekk to, og tvinga han til å skriva under dei, Iver 1991 har han skreve. Flotte stakar frå ein flott farfar! Og så kjekt å ta dei fram kvart år og tenkja på han.


Desse to nissane- og ei nisserot til - har eg fått av farmor og farfar. Ho har strikka og dekorert, han har sanka og skore til rota. Desse må sjølvsagt fram kvart år.


Farmor er ein kløppar med tråd, både med symaskin, strikkepinnar og heklenål. Og her er ein løpar ho har hekla til meg. Eg har òg fått raude hjertekuvertbrikkar og enno ein raud løpar ho har hekla til meg.
Farmor og farfar har altså æra for mykje av julestemninga mi. Det ringde eg og sa til dei i helga når eg fann fram att julepynt og juledukar. Men dei er ganske smålåtne begge to, og meinte det var eg som trylla fram stemninga ved å dandera.....
Eg er i alle fall glad for alt handverket eg har fått frå dei, både i tre, stoff og garn!Tilbake til den usedvanleg rolege førjulstida, eg veit egentleg kvifor det har vorte slik...

Vi, og eg i sær, har vorte mykje flinkare til å prioritera det som gjerast framfor det som burde vore gjort.
Det har ikkje vorte vaska rundt, gnikka og polert.
Loftet er heilt kaos, men gjestar held seg vel i første etasje, og der er det koseleg og ganske ryddig!
Lite av dei tradisjonelle sortane er i boks, men vi har no over sju slag lell.
Gjærbaksten har uteblitt, men fekk kjøpt halvsteikte brød på bua i dag - går heilt fint.
Alle får gåver, men vi har ikkje talt kroner, berre kva vi trur folk vil bli glad for.
Og heimelaga og sjølvlaga er suverent å både få og gi!

Så slik har vi tenkt og gjort i år. Veldig enkelt og veldig avslappande, men det krev litt vilje for å ikkje gjera alt eller noko ein burde.

Altså ikkje ei perfekt husmor-førjul, men ei super familie-førjul.
Dette skal gjentakast neste år òg!

God jul alle saman frå ei mislykka husmor men fornøgd Hilde

søndag 19. desember 2010

4. søndag i advent-morgon

Akkurat no skulle eg ha vore i full sving med grønsåpe og klut, ja kanskje til og med i gang med å plassera ut nissar, englar, hjerter og stjerner...

Ungane er invitert opp til dei nyaste naboane våre på aking, og mannen er oppe i skogane på skitur for å forsikra seg om at det ikkje er sauer att oppi der.

Men realiteten er at eg fortsatt sit i sofaen -med datamaskina framom meg.
Har sjekka om venene mine (alle 499) har opplevd noko sidan i går ettermiddag, skumma overskrifter i aviser og svara på nokre adventskalenderar.

Denne magiske saken som oppdaterer deg på nyheter nesten før det har skjedd, er jammen meg ein tidstjuv!
Det har skjedd gradvis.
Først var datamaskina i seg sjølv med skriveprogram eit under, så oppdaga vi spela som var med.

Så vart det internett på eit smalt band, og berre til bruk etter kl 17 for då var det ikkje så dyrt med teljarskritt.

Men så vart det breie band og fri bruk, det var då eg mista tida!
For tida går ufatteleg fort når du sit og surfar frå avis til avis, frå blogg til blogg.

No trur eg at det blir jul her i huset berre med dei 40 nissane som har kome på plass, og utan at eg har moppa taket fritt for byggestøv for n`te gong. Men hadde ikkje datamaskina stått så lagleg til for bruk, så hadde nok tida strekt betre til.

Men - det blir nok jul på Leri i år òg.
Og mail og aviser blir nok sjekka til og med julaften!
Så avhengige er vi her på garden.....

søndag 12. desember 2010

Vips, så var det 3. søndag i advent...


Denne helga var (nesten) blank i kalenderen.


Jødde me, kor godt det er med slike helger!

I går fekk vi besøk som var med på å laga litt julesaker og åt graut i lag med oss.


Sidan spisebordet var omgjort til juleverkstad, måtte grauten etast på kjøkkenet.

Jammen var det plass til 9 grauttallerkenar og menneske rundt kjøkkenbordet!

Ei av smådamene ville ligga her til i morgon.
Dei sat og pusla med juleforming til dei gjekk og la seg (alt for seint.....), og då dei stod opp att i dag var dei først ute i fjøset og i akebakken før dei atter sette seg til med nissar og englar.


No har dei nett laga lussekatter. Sirleg laga etter eit bilete eg fann i Norsk Ukeblad.

Ingen av dei likar egentleg rosiner i bollar, så etter å ha laga nokre regelrette, byrja dei med unntaka ; utan rosiner!

Om de ser godt etter, kan de nok lesa kva "namn" dei har laga. sjå på den lange bollen.
Norsk skrivemåte går fint!

Og slik ser det ut på spisebordet etter at juleprinsessene har forlatt åstedet for å dansa til HØG musikk på loftet. For pauser lyt til, slik at målinga tørkar og kreativiteten kan få utløp i heile kroppen.
Dei kjem nok snart nedatt for å laga meir. Heldige er besteforeldre, tanter, onklar og naboar til desse jentene. Dei får nok mykje fint til jul!
For vips, vips, så er det fjerde søndag i advent. Men i dag lyt vi tenna tre lys og synga tre vers, så vent og fint vi kan!