onsdag 20. april 2011

Lag nokre kort - fort!

Eg jobbar best under press, som kjent...
I dag måtte eg få ferdig eitt konfirmasjonskort som skulle i veg til Stavanger i morgon.
Og når eg først var i gang og utstyret var utpakka på kontoret, laga eg like godt to veskekort og eitt bursdagskort òg.

Då eg var på kortkveld hos Wenche for ei veke sidan, laga ho mal til desse veskekorta. Så fiksa eg og triksa litt til dei vart "mine". Enkle og greie!




Leita Førde rundt etter veskelåsar, men fann ikkje. Hadde nokre plastikk-dingsar med trykknapp i ei korg, dei fekk duga.




Er så fornøgd med produsent-stempelet mitt :-)


Gutte-konfirmasjonskortet fekk eg idèen til i det engelske scrappebladet eg abonnerte på, og eg trur eg har sett eit liknande på ein norsk kortblogg òg. Men her er min versjon.







Pengelommen vart laga i full fart, for før eg hadde laga den, kom dei som skulle ta med seg kortet. Det vart fort og gale, laga med papirrest og lim ;-)



Eldstejenta meinte bestemt at eg måtte laga eit kort til bursdagsbarnet på 64 som vi har feira i kveld, og det hadde ho heilt rett i. Det vart eit brettekort med panel, det gjekk og fort i svingane. Kutt, kutt, bling, bling og stash, stash. Eit stempel her og eit band der. Vips ferdig!

2 kommentarer:

  1. Det er ikkje mangel på kreativitet på Leri ser eg, verken med store eller små. Her står det heller dårleg til med koseleg kreativitet for tida. Men, derimot nokså mykje press med tanke på at innleveringa av masteroppgåva (som ikkje er HEIL ferdig enda) er om ein månad. Irene

    SvarSlett
  2. Så flotte kort, Hilde! Vart nesten litt inspirert att eg og no...., men, får kanskje venta til hausten med å pakka fram att "sakene".

    SvarSlett