torsdag 21. april 2011

Påskefargar på Leri

Gult er ikkje heilt mi farge, men eg ser at det snik seg inn litt påskegult her og der likevel.






Ungane hadde høyrt at lilla var påskefarga i Sverige, og lurte på kvifor det er gult i Norge?

Ikkje veit eg, eg satsar på vårfargar i påska!


Påskepynten vår er fortsatt borte, men jammen fann eg att krise-kassen frå i fjor, og i tillegg har ungane trylla fram påskepynt på skulen og heime. Voila! Påske på Leri!



Tusenfryd, morellekvistar, tulipanar frå Birte og Knut og heimemåla påskeegg.





Her har det sneke seg inn litt påskerosa, gitt...






Eg kjøper ei ny høne på bui i Fortun kvart år, tradisjon frå og med i fjor.

Den til venstre er fjorårets modell, den til høgre er ny av året. Sjarmerande damer, tykkjer eg.






På Kremmerhuset fann eg ei høneskål, eg har sydd påskehareeggevarmare og ungane har tova + måla egg. Dette er påska på kjøkkenet + påskeliljer då.





Far i huset har skåre ut egg som ungane har måla, fine!





Her er seljekvistane pynta med kjøpt og heimlaga pynt. Kyllingen i egget er laga av minstejenta.


Ho har òg laga kalenderen på veggen bak. Sidan det var unntakstilstand her i fjor, må han henga eit år til. Gjer ikkje noko om dag og dato ikkje stemmer..





Eldstejenta jobba mykje med denne uroen på skulen. Her måtte ho vera både tålmodig og nøyaktig, kan vel seia at det røyna på innimellom.....

I dag er det basar i grendahuset, vi har allereie servert fleire kaffekoppar rundt kjøkkenbordet til folk som stikk innom, i fjøset hoppar og sprett over 100 lam og påska er i gang for fullt!


God påske!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar