fredag 3. juni 2011

Kort og godt innevêr

Så er den etterlengta langhelga halvveges, og finvêret dei meldte har visst funne andre vegar enn hit mellom fjella... Ja, ja fri er fri og vêret kan ein ikkje gjera noko med. Ergo har eg tilbragt nokre timar på kontoret (som forøvrig er alt for lite, snakk om å ha system i rotet...)
Og vi har vore i tre bursdagar, i dag skal eldste dottera i sin fjerde. Og då må det kort til!


Her er eitt til jubilanten på 52 som hadde invitert hyttenaboar og fastbuande til taco og kaker og avslutta kalaset med speedbåt med gjestene etter i tube og på vannski. Fantastisk!
Eldstejenta vår fekk første tur med tuben, då var taua festa feil slik at ringen låg under vatn i fart og ho bedyrar at karane heldt på å drukna ho. Men ho vart ikkje meir skremt enn at ho etter å ha svømt 100 meter mot land (i redningsvest og badedrakt) var klar for ein runde til.
Men då var ho iskald og hoppa i dusjen og hadde på seg ullkle. Bading i fjorden klokka halv elleve om kvelden utan at sommaren har vist seg, er KALDT!!


Dette kortet skal eldstejenta ha med seg på bursdag i dag, med pengar i, sjølvsagt. Det er jo ei lommebok.





Dette laga eg då "hussnekkaren" inviterte seg og foreldra på sin 39-årsbursdagsfeiring her i huset. Han har fortalt at han åt ein melkerull kvar dag då han var yngre, ergo måtte han få det
Kaker og kaffe høyrde sjølvsagt til - og heimelaga kort som ungane laga, men ingen tok bilete av.






Dette laga eg til supernaboen på 64 som er ein sjokoladeelskar av rang.



Dette er til svigerinna mi, slik litt på etterskot. Fint prikkepapir!!




Her er bursdagskort til søstra og konfirmasjonskort til ei jente. Laga over same lest, kan du seia!


Datamaskina vår er alvorleg sjuk, begge hengslene er kaputte og ho må støttast oppe av det vi har for handa. I går var det puter, i dag er det 8 kg mjøl ;-)

Men ho virkar.

Og no ser eg sola, ut med meg! God helg!

1 kommentar:

  1. Fantastisk kreative kort - små kunstverk! Du er kjempeflink Hilde!

    SvarSlett