torsdag 17. februar 2011

Ostekake med sting

Gemalen fylte som kjent 50 denne månaden, og eg skulle laga ostekake.
Lenge sidan sist, men erindra at det var ei god kake.

Og sidan vi hadde feira 7-årsdag to veker før med alle dei tradisjonelle kakene, skulle det smaka med noko anna.

Eg handla inn kjeks,ost, to sortar gele, seter rømme og hermetiske mandarinbåtar.
Resten hadde eg i hus.

Så innimellom dyrebeskyttelse og kattestyr, fekk eg laga botn. Og den gelèen som skal i oste-fromasjen. Det vart sjølvsagt plutseleg stiv, slik at eg måtte kasta meg rundt med pisking av krem og blanding av oste-krem. Det var då ostekaka heldt på å li veldig frisk....

Dei to pakkane med ost eg hadde kjøpt inn var orange, men ikkje ananas og mandarin..... Det var afrikansk paprika.

Eg hadde grepe etter dei orange eskene, utan å lese på dei. For det er no berre ananas og mandarin som er orange. Eller det var det. No er det to sortar som er orange. Og dei kan ikkje brukast om ein annan!

Men lykka stod konditoren bi. Eg hadde eit eksemplar av den rette orange eska. Sjølv om det vart lite ost i ostekaka, så vel eg å tru at ho vart best slik! Når ein veit kva alternativet var.

For det var på hengande håret at det ikkje vart ei kake med sting. Type afrikansk.

mandag 14. februar 2011

Til Trygve, min valentin :-)




Tätt intill dig

Så lägger jag mig tätt intill dig
i lä för de höga rösterna,

fogar mig in i dig här i mörkret
som blir alt kortare medan vi vilar,

du i din vila, jag i min.

Så lägger jag för en stund ifrån mig
min vila, mina irrande drömmar

för det verkliga nära dig,
för det ordlöst nära.

Bo Carpelan

søndag 13. februar 2011

Min dag i dag, herregud for ein herli`dag :-D

Etter ein del att og fram der eg bedyra at det einaste eg ønska meg til morsdagen var romkake,
gjekk gemalen meget mismodig med på å laga kaka.

Men det var så vanskeleg!

Det skal seiast at kakebotn låg ferdig i frysaren
og romkrem, fløyte, melis og romdråpar var i hus...
Og instruksjonar kom kvar gong han bar seg.

Men romkake vart det likevel, og han kom meget fornøgd innom stova med jamne mellomrom i går kveld medan han styra med kaka.
Dette fiksa han!

Heilt til han kom til glasuren.....
Den vart sikkert litt for rennande, og trekte rett ned i kaka og forsvann!??



Med nonstop hadde han "skreve" mor....
Og i dag fekk eg verdens beste kaffekrus og romkake på senga før mannen reiste på distriktsmesterskap i luftpistol.

Dordi hadde laga gåvekort fritt etter eit mannen fekk på 50-årsdagen sin. Inni ei eske låg det ein blomst med godord på blada og ein hundrelapp som gåvekortet gjaldt.



(Dvs. det låg ein tohundrelapp der, for ho hadde ikkje anna i lommeboka si. Men no er det veksla og klart ;-))
I stova står morsdags-tulipanane og varslar om vår, og mor sjølv dassar fortsatt rundt i morgonkåpa; nydusja og snart klar for å møta mannen på Skjolden for å reisa på morsdagsbuffèt på Eikum hotell i lag med gode naboar.

I tillegg skin sola, om enn ikkje akkurat her enno.

Fin morsdag!

Helger som kommer og helger som går....

Tenkte eg skulle laga eit innlegg om sist helg, men vips er det jammen meg helg igjen.
Det er ikkje berre jenter som kjem og går, det gjer jammen helgene òg!
Sist helg var det jubilant her i huset. Min kjekke, flotte mann fylte 50(?).
Laurdag skulle han i trekket med ungane, medan eg tok på meg husmorrolla og skulle shine huset (større jobb enn det høyres ut til, ingen hadde løfta ein finger på området siste veka), baka fleire kaker og laga lasagne og salat til kveldens gjester.

Eg forstod at det kunne bli ein hektisk dag, men når ein er aleine heime blir det i grunnen effektivt.
Planen mi var, kronologisk:

1. Baking av ein stor og ein liten kakebotn, ei kvæfjordkake og muffins + ei ostekake

2. Støv-vasking (tørking dug ikkje her!), støvsug og vask av 1. etasje.

3. Lage klar lasagne og salat.

4. Pynte kremkake og marsipankake.


Ungane pynta muffins

Men i det eg hadde planlagt, drukke opp kaffen og surfa innom aviser, bloggar og facebook, ringde dyrebeskytelsen i indre Sogn. Dei hadde fått nyss i at det gjekk ei villkatt her, og ville koma for å setta opp ei felle. Katten skulle kastrerast. Og når dei først var her ville dei sterilisera Kjellaug og sjå på augebetennelsen til Georg. Om operasjonane kunne skje her inne i stova eller kjøkkenet? Jau, det måtte vel gå an.... Dei kom om ein halv time.

Det var ein effektiv husmorhalvtime!!! Full fart med rydding av eit tonn ull- og fleecekle frå benk og golv på badet. Vasking av bad! Så førstehjelpsrydding - og vasking av kjøkkenet. Og så ein liknande runde på stova og i gangen, siste plass var faktisk ikkje så gale etter at resten av huset hadde hatt på seg og tatt med seg slalomkle og -utstyr.

Eg rakk det med knapt eit sekund, som det heiter. Dei rykte inn med tre damer og utstyr. Etter at fella var oppsett ute, fekk begge kattene her sprøyte i låret, Kjellaug sågar to, og spisebordet vart omgjort til operasjonsstove.

To timar etter låg Georg og Kjellaug pent danderte i sofaen på kvar sin badehandduk. Under operasjonen hadde eg fått gjort litt i bakeverden, men låg langt etter skjema då dyrebeskyttelsen etter to timar (og ingen villkatt i fella) reiste ut att.

Eg sette inn ekstragiret og fekk unna meir kjøkkenarbeid, men telefonene ringde i eitt. Rettare sagt telefonANE. Både hustelefon og mobiltelefon var varme. Eg gjorde alt eg greidde med ei hand og telefonen på skuldra (det som var lydlaust i alle fall),og var etter kvart ein aning stiv i nakken.....

Både rekkjefølgje og planen om god tid rauk.

Men eg rakk det. Eg kom ned loftstrappa, omkledd, og møtte gjestane i gangen. Kvelden vart triveleg, og jubilanten fornøgd! Det var det viktigaste!

PS! Det må tilføyast at villkatten gjekk i fella om kvelden, og vart operert på kjøkkenbordet medan gjestene sat i stova.

tirsdag 1. februar 2011

No e` sola komma :-)

Ja, sola har faktisk funne seg ein lita glipe mellom tindar og toppar der ho kan blunke ned til oss nede ved fjorden.

Ho byrja blunkinga 21 januar, med eit kort blunk bak grå skyer, som vanleg.

Det same gjentok seg alle dei første dagane, vi kunne berre innbilda oss at ho skein ned til oss attom skyene. For vi såg ho ikkje ordentleg, berre på lat.

Men 26. januar i halv fire-tida var ho der med ein ordentleg godblunk som varte lenge.

Berre sjå kor fint ho blunkar ned til oss attom Bergheim.



(All blankisen, tenkjer vi ikkje på når ho skin slik)

Og med sola kjem vårfornemmelsane. Og higen etter frisk fargar.

Eg kunne ikkje gå forbi desse rosene på bua i dag, og så billige dei var,
20 roser for 59, 5o på medlemstilbod!



Coopen er tingen!

Dei hadde òg eit vårgrønt talglys, men det kjøpte eg i går.

Sol ute, vår inne!