søndag 24. april 2011

O' herlege påske!

Denne påska har vore heilt fortreffeleg. Rett og slett!
Og det gjorde ikkje noko at tidlegsommaren kom på å koma akkurat no heller.



Det har vore varme, fine dagar.
Mykje besøk til både store og små.



Rundt kjøkkenbordet har det vore trongt om saligheita, på verandaen likeså.

Skjærtorsdag hadde vi i følgje mannen besøk av 20 personar! Akkurat slik vi likar det! :-)










Middagsgrilling nede på stranda.



God gamaldags basar med åresal der du kunne vinna medisinskåp, silketruser, heimestrikka


labbar og luer, gåvekort, bålpanne, syltetøy, klokke etc.




Ungane har sesong-opna Kafè Sørheim under verandaen, og i går tjente dei over 100 kroner på å selga vafler til bilturistar og kafègjester. Kroner 23 pr ansatt vart inntekta :-)




I dag er dei i gang att... Haba haba tonar utover grenda, og dei ansatte er rytmiske!






Påskeharen - eller påskemamma - hadde laga alfabet-rebus og glade ungar fann egg ++++


"ved rota til det store morelletreet"



Festen påskeaften var veldig kjekk, med mange glade og artige folk.



Og 1. påskedag åt vi sein middag med lammesteik med fløytegratinerte poteter, grønnsaker, sopp og løk. Mmmm..


Akkurat no er det stille i huset. Ungane vart med "heim" til ein påske-unge, mannen styrar med fjøs og eg..... trur eg skal lura meg ut på kontoret og laga fleire kort. Om ikkje sola kikar fram, då lyt eg ut. Og kanskje nokon kjem og drikk kaffe i dag òg.... Det lov å håpa!

torsdag 21. april 2011

Påskefargar på Leri

Gult er ikkje heilt mi farge, men eg ser at det snik seg inn litt påskegult her og der likevel.






Ungane hadde høyrt at lilla var påskefarga i Sverige, og lurte på kvifor det er gult i Norge?

Ikkje veit eg, eg satsar på vårfargar i påska!


Påskepynten vår er fortsatt borte, men jammen fann eg att krise-kassen frå i fjor, og i tillegg har ungane trylla fram påskepynt på skulen og heime. Voila! Påske på Leri!



Tusenfryd, morellekvistar, tulipanar frå Birte og Knut og heimemåla påskeegg.





Her har det sneke seg inn litt påskerosa, gitt...






Eg kjøper ei ny høne på bui i Fortun kvart år, tradisjon frå og med i fjor.

Den til venstre er fjorårets modell, den til høgre er ny av året. Sjarmerande damer, tykkjer eg.






På Kremmerhuset fann eg ei høneskål, eg har sydd påskehareeggevarmare og ungane har tova + måla egg. Dette er påska på kjøkkenet + påskeliljer då.





Far i huset har skåre ut egg som ungane har måla, fine!





Her er seljekvistane pynta med kjøpt og heimlaga pynt. Kyllingen i egget er laga av minstejenta.


Ho har òg laga kalenderen på veggen bak. Sidan det var unntakstilstand her i fjor, må han henga eit år til. Gjer ikkje noko om dag og dato ikkje stemmer..





Eldstejenta jobba mykje med denne uroen på skulen. Her måtte ho vera både tålmodig og nøyaktig, kan vel seia at det røyna på innimellom.....

I dag er det basar i grendahuset, vi har allereie servert fleire kaffekoppar rundt kjøkkenbordet til folk som stikk innom, i fjøset hoppar og sprett over 100 lam og påska er i gang for fullt!


God påske!

onsdag 20. april 2011

Lag nokre kort - fort!

Eg jobbar best under press, som kjent...
I dag måtte eg få ferdig eitt konfirmasjonskort som skulle i veg til Stavanger i morgon.
Og når eg først var i gang og utstyret var utpakka på kontoret, laga eg like godt to veskekort og eitt bursdagskort òg.

Då eg var på kortkveld hos Wenche for ei veke sidan, laga ho mal til desse veskekorta. Så fiksa eg og triksa litt til dei vart "mine". Enkle og greie!




Leita Førde rundt etter veskelåsar, men fann ikkje. Hadde nokre plastikk-dingsar med trykknapp i ei korg, dei fekk duga.




Er så fornøgd med produsent-stempelet mitt :-)


Gutte-konfirmasjonskortet fekk eg idèen til i det engelske scrappebladet eg abonnerte på, og eg trur eg har sett eit liknande på ein norsk kortblogg òg. Men her er min versjon.







Pengelommen vart laga i full fart, for før eg hadde laga den, kom dei som skulle ta med seg kortet. Det vart fort og gale, laga med papirrest og lim ;-)



Eldstejenta meinte bestemt at eg måtte laga eit kort til bursdagsbarnet på 64 som vi har feira i kveld, og det hadde ho heilt rett i. Det vart eit brettekort med panel, det gjekk og fort i svingane. Kutt, kutt, bling, bling og stash, stash. Eit stempel her og eit band der. Vips ferdig!

søndag 3. april 2011

På vårleiting.... og eg fann, eg fann!

I dag vakna eg av at det plaskregna ute.
Trudde eg.

For då eg vakna litt meir og snudde meg for å sjå ut glaset var det blå himmel.

Eg forstod lite, for det plaskregna fortsatt i øyrene mine.


Men det var berre våren som var komen.

Grovi hadde kasta iskappa og var open, og vatnet buldra som galen nedover mot fjorden.


Bra sprut i fossen vår

Utpå ettermiddagen etter to kaffebesøk, tok eg kamera med meg og rusla meg ein tur etter vegen og ned i grendahuset for å sjå om våren var der òg. Og han var alle stader. Vinteren sist helg var borte og små, tidlege vårteikn stod i kø.
Vårutsikt ut Lustrafjorden mot Molden


Eg knipsa og knipsa, det eine motivet finare enn det andre. Men då eg kom heim og skulle overføra bileta til maskina, viste det seg at minnekortet var kaputski. (Eg såg jo at det stod "ingen minnekort" for kvart bilete eg tok, men rekna med at det var i orden..)


Folk eg møtte etter vegen var lettkledde i joggesko og tynne strikkajakker ;-)


Då tok eg ut på min tur nummer to for dagen, og tok litt bilete. Men då var klokka sju, sola var heilt forsvunne attom skyane og nokre regnbyger kom til syne oppi fjella. Men eg viser no bileta på andre runde eg, sjølv om dei første var betre!


Telehiv har vi mange av på Sørsida i år. Dette er ikkje av dei verste....



Hønene har begynt å verpa att etter ein slapp vinter. To-tre egg om dagen, er fint!



Det sikraste våreteiknet er lamma, og dei bryr seg ikkje mykje om det er snø ute. Egentleg skulle det ikkje vore lam før 10. april, men ein kan ikkje styra alt, seier bonden ;-)

Og då erklærer eg at våren er komen på Sørheim! Ha ei fin vårveke!