søndag 30. september 2012

Innhaldsrik veke med happy end :-)

Endeleg var dagen komen at Martha skulle få bort dei kjempestore mandlane sine.
Eg og ho reiste opp etter skuletid tysdag og tok inn på eit meget enkelt rom på Førde camping. Det var ikkje nokon verande stad, så vi ville på shopping etter ein betre middag på Peppes.  Då vi kom "heimatt" kjøpte vi oss fire timar internett-tilgang(!) og trøyde oss med data, lego, tv og lesing før vi sovna.
Neste morgon var vi tidleg oppe, og klare, men nervøse, for operasjon.....
 


 Vi tok på "engleplaster" då vi stod opp, og flinke sjukepleiarar fekk sett veneflon medan Martha fekk premietroll og tatovering.
 
Halv ti måtte eg forlata Martha sovande på operasjonsbordet, og ein time etter fekk eg koma til ho att :-) Då vakna ho akkurat, og det første ho gjorde var å smila til personalet medan ho sa "Takk for hjelpa!" Makan til pasient hadde dei visst ikkje hatt på oppvakninga :-) Ein perfekt pasient, meinte dei.
Adelheid hadde laga til ein pakke som skulle opnast etter operasjonen, den inneheldt tyggis, gelegodt og sjokolade pluss eit flott, heimelaga kort.
Det var veldig koseleg!
                                                                                                                                 
 Etter nokre timar var pasienten sprek nok til å flytta opp på pasienthotellet, dog med heisen i og med at vi skulle fem etasjar opp.
Senga var god å ha dei første timane....
 
Neste morgon etter ein god dusj og frukost, var vi klare for avgang. Martha ville på shopping for å kjøpa sølvøredobbar, sprek som berre det. Det vart både Ticket to ride og hanskar før vi hadde ein liten stopp på Plantasjen for  kjøpa blomster til Inger som var barnevakt for Kristen.

 Vel heime var det tid for lekser i lag med Dordi.
 
Denne karen var glad for å sjå oss att, og sidan sist hadde han vorte ein kløppar til å sitta (med litt støtte då..)




Laurdag kom Adelheid på overnattingsbesøk, og det var lenge og venta til klokka vart litt over eitt....
 
Dordi likar å fotografera, og Kristen er eit ynda motiv!
Fredag var han eit halvt år, og Trygve laga blautkake som Dordi pynta :-)
 
Jammen var det fine blomstrar å finna på trilleturen i dag òg,
den siste dagen i september!
 
Fortsatt god søndag, vi skal på bursdagsselskap over fjorden! :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar