mandag 10. september 2012

Sidan sist....

Våren og sommaren 2012 er over, og no er det haust på Sørheim!
Vi fyrar i ovnen og bakar eplekake med nyplukka epler....
 
Sidan forrige blogginnlegg, har det skjedd mykje på Leri:
 
Den viktigaste hendinga fann stad i Førde 28. mars; då vart Kristen fødd etter at eg hadde vore der oppe i 10 dagar og venta på han i hotellkorridorane på Sunnfjord Hotell :-)
Etter modningskur i tre omganger, vann-taking og drypp kom han på at han endeleg ville ut eitt minutt før vaktskiftet halv elleve :-)
Fin og frisk til foreldra si store glede!
 
 
Badet på loftet vart òg ferdig til Kristen kom heim, og særleg boblebadet har vore mykje i bruk. Her er det dei yngste søskenbarna frå Berge og Martha som boblar seg litt.
 
 
Kristen er ein grei kar, som ikkkje krev så mykje anna enn mat, skift og søvn. Han har lært mykje sidan han kom til verda.
Han fann til slutt ut at hendene tilhøyrte han sjølv(!) og no har han sin fulle hyre med å putta tærne i munnen. Konstant våt på føttene ;-)
 
Cruisebåtane har kome inn og gått ut fjorden. Her seglar like mykje folk inn til Skjolden som bur i heile Luster kommune...
 
 
17. mai kom vi på overraskande besøk til bestemor og resten av gjengen på Nordmøre. Kristen og jentene i fine bunader feira dagen i det regnvåte Straumsneset.

 
Huset til Hanne, Åsmund og Lars på Bryinnhaun var reist,
men det gjenstod ein del arbeid enno.
Utsikta frå kjøkkenet er amazing!

 
St.Hanshelga vart Christina døypt,
og her tek Dordi og Kristen ein kvil i bakken under epletrea i hagen til onkel.

 I juli fekk vi amerikaresøk av Sara Soldat med mann og svigerforeldre
 
 
Sørheims-slekta møttes som vanleg andre helga i juli.
 
22. juli var det endeleg klart for bryllaup mellom Hanne og Åsmund,
med Dordi, Emilie og Martha som stolte brudejenter



                                             



Ein merkeleg type kom på besøk...


 Vi var på hotellferie;
to netter på Skei hotell med sjukehustimar både i Førde og på Nordfjordeid
 
Vi fekk nokre få dagar på stranda, med Kristen godt plassert under parasollen vekselsvis på handduk og i vippestol. Han trivdes godt ved fjorden :-)
 
 
Ungane har hatt mykje besøk både dag og natt, og som de ser på veggen har vi vore hos fotograf i løpet av sommaren òg, A.Ø. Foto kan anbefalast!
 
I fjøset har dei fem gamle hønene våre jobba godt og ruga ut fleire kull med kyllingar + fem vi fekk av Anne Lise. Så no må det sorterast før sauene gjer sin hevd på fjøset att og hønene må inn att i rommet sitt. Nokon som har lyst på hanekjøt "på rot"?


Skulestart med opning av Skjolden oppvekstsenter. Alle ungane på Sørheim er klare :-)
 
26. august vart Kristen døypt i Dale kyrkje, med slekt og gode vener som feira dagen i lag med oss.
 
 
Festen hadde vi i grendahuset med Helga som uunværleg hjelp på kjøkkenet, godt hjelpt av min gamle far som ikledde seg forkle med det same han kom til huset.
Koldtbordet var innhaldsrikt med mykje god mat,
og kakebordet var ikkje dårlegare det heller.
Tusen takk til alle som hjalp til med mat og kaker!
 

 
4/6 av søskenene Sveggen.
 
Dåpsbarnet er like blid
 
Frukost dagen derpå, så kjekt med alle desse rundt bordet :-)
 
Søskenbarna fekk vera med på skulen måndag, og etterpå var det klart for leksene, ikkje ofte det er seks elevar på leksehjelp på Leri ;-)
 
Kristen og Knut
 
Det var ei billedleg oppdatering av det det som har skjedd det siste halve året ,
medan bloggen har lege brakk.
No er det å håpa at blogglysta dukkar fram og opp.
Den som lever får sjå.... :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar