tirsdag 18. desember 2012

Advents-stria på Leri

Sjølv om intensjonen om kos og hygge i adventstida er der, hender det i alle fall her i huset at kos og hygge blir bytta ut med kav og høge stemmer..
Søndagskveld til måndagsnatt vart det jobba intenst med årets julekorrespondanse,
og jammen kom vi i mål i år òg!
(Og stor takk til Anne Helen og Lise som skaffa oss blekk frå Gaupne!)
150 julepostkonvoluttar vart klare til avsending 
(nja...manglar vel kanskje 30 av dei fortsatt, når eg får tenkt meg om...)
Og pakkane til Telemark og Nordmøre vart sendte i dag,
så spørs det om det blir julegåver eller romjulsgåver på dei.
 
Slik såg det ut i sofaen i gårkveld når julekortlista, gåvelistene frå Kristen sin fødsel og dåp og adresseboka måtte koordinerast. Ekteparet kan vera effektive når dei vil!
 

Denne karen nytta høvet når skrivaren først var på stovegolvet til å først setta seg opp på kne, og sidan dra seg opp etter skrivaren slik at han stod på føtene sine!
Det var ein stolt type som reiste seg opp aleine for første gong, men sidan har han ikkje gjentatt bragden....
 
I går var vi forresten på første trilletur denne månaden, p.g.a. kulde og litt adventsstri...
 
Blir alltid så fascinert av isen som kjem i Kleivi kvart år, massiv isvegg.
Her måtte det vore flott å klatra for dei som har slike lyster!

 
 
Bra det ikkje er nokon som må køyra opp til hyttene når det kjøver slik på vegen òg.

 
Elles tok det meg berre ein time å få skikk inni det rosemåla skåpet!
Angrar på at eg ikkje tok før-bilde, for her har dørene vore att eit par år = ROT!
(Kvifor har eg ikkje gjort det for lenge sidan??!)
 
No gjenstår det berre å pussa sølvet som skal hengja på den øvste hylla.
Då eg skulle pussa det på den lettvinte måten med
aluminiumsfolie og salt i vasken for to år sidan, funka ikkje det....
Og sidan har det vore innpakka i ein kopphandduk og stuva bort.
Målet er å få det blankt og opphengt før jul! 

 
Då håpar eg at adventskosen kan dominera  på Leri
dei siste seks dagane fram mot Dagen!
Julekort, julegåver, julekle, julebakst, julemat, julepynt og juleblomar
er i alle fall i klare, så då kan vi senka skuldrene og kosa oss med det vi vil!
Og så håpar vi at førjulsgjestene vil koma og besøka oss :-)
 
 

1 kommentar:

  1. Må prøva å få til eit kaffibesøk på Leri ein av dei næraste dagane, ja, det hadde vore kjekt. Har nokre pakkesangar som skulle vore avlevert òg : ) Får berre tru folket held seg nokon lunde oppegåande (H er heime i dag - andre runde - med hovud og halsvondt..., I var heime i går, men var litt lettare i dag, meinte ho. Har kanskje noko med julefesten i kveld å gjera òg det då.. ; )

    SvarSlett