mandag 16. september 2013

Regnvèrsmåndag og vannkoppar

I natt vakna eg av at det blas og regna, og kom på at parasollen stod oppslått på terrassen.
Men det vart for stort tiltak å stå opp, parasollen var trass alt festa med skruvar i ein 40 kilo tung parasollfot......
Men, dette fotograferte Dordi ut frå glaset sitt før ho reiste på skulen i dag.
Heldigvis er alt heilt, ingen skade skjedd.
 
Då eg stod opp venta det ei melding på mobilen frå Hestehagen om at der var det
vannkoppar og kaffe å få.
Etter å ha summa meg litt, reiste vi i veg i regnvèret.
Bekkane var store då, men myykje større då vi køyrde utatt to timar etter.
Vi køyrde attom ein tysker, og dei var tydeleg fascinerte over
store bekkar og steinar i vegen.
Eg lurte berre på om eg kom meg heilt utatt, og om skulebussen kjem seg ut,
og om Trygve må overnatta på hi sida i kveld.
Men det vil no helst gå bra...
Her er i alle fall fotografisk vegrapport for den romantiske vegen klokka halv eitt:


 
Bekken vår hadde òg vokse på den lille stunda vi var borte.
Her er eit bilete frå tunet.
 
Og dette knipsa eg frå glaset oppe i loftstrappa.
 
No får vi sjå om vegane er opne når resten av gjengen skal heimatt,
 og om vannkoppsmitten bit på Kristen....
Han sovna sjølvsagt i 5 minutt på bilen, og virkar ikkje spesielt trøytt.
Tvert i mot, faktisk! Han køyrer bil, syng og pratar i senga si, høyrer eg på babycallen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar