tirsdag 29. oktober 2013

Bergens-helg

Allereie i juli, kom Dordi med ønske om Annie-teater i Bergen til bursdagen sin.
Billettar og hotell vart bestilt 14. juli, og sidan har vi gledd oss!
Vis starta rett etter skulen fredag og kom 1/2 minutt for seint til ferga, men då fekk vi rørt litt på oss før vi tok fatt på ein lang etappe mot IKEA!
Dordi dreiv med fotografering på Mannheller.
 
På IKEA fann Martha draumerommet sitt som ho måtte ta bilete av ;-)
 
Etter IKEA bar det rett på hotellet, og den kvelden braka det laus med spysjuke på femmanns-rommet..... Ho mor starta bøtteballetten, og heldt lengst ut!
Heldigvis tok Dordi og Trygve eit bilete kvar,
og så stal eg eit frå facebooksida til Forum Scene...
Her er utsikta frå rommet vårt:
 
Trygve og ungane var ute på bytur på føremiddagen, og seinare på ettermiddagen var Martha og Trygve ute ein liten tur. Her har dei funne ein breiflabb bak Bryggen....
 
Om kvelden reiste Trygve og jentene på teater, Ingrid Marie (vår reddande engel) tok med seg Kristen på bytur medan ho mor sjølv fortsatte bøtteballetten på hotellrommet....
 
Senga var heldigvis god, men det ein kan kalla ei minimalistisk himmelseng....
Tapeten inni var litt merkeleg, men sikkert moderne..
 
Frukostsalen var trong og intim, men maten var god (sa dei)!

 
Etter frukost gjekk turen rett heim med slakke foreldre bak rattet.
Eg var så utruleg fornøgd med å koma heim til huset mitt, sofaen min og senga mi!!!!
Kattene kom, mot normalt. begge to og la seg oppå meg!
Dei likar nok ikkje å bli forvist til vaskerommet ei helg....
 
Måndagskvelden var resten av familien inne på Fjordstova på bøssetømming med banken.
Trygve sendte bilete av ein storfornøgd gut med jus i ei han dog bakels i det andre!
Topp arrangement!
 
I kveld har dei fire andre vore inne på barneidrett, Kristen debuterte på tumling i gymsalen og tykte det stod til. Vaffel vart det visst på han i dag òg!
Elles dreier det meste seg om sau, sank, gjerder, rømlingar, fjøsvask og innsett.
I helga blir det forhåpentlegvis litt slakting òg!
Ha ei fin veke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar