onsdag 23. oktober 2013

Bursdag, kunst, kort, 4H, TV,sau.... dagane flyg!

Jordbær, brownies og is til dessert må det sjølvsagt vera når ein kjem att frå skulen klokka fire og ein har bursdag!
Kristen sette pris på slik kost!
 
Torsdag var det opning av kunstutstilling på skulen.
Trygve skulle på eit møte i Gaupne akkurat då, og sneik seg innom før han reiste ut.
Martha viste stolt fram sitt Skrik medan pappa drakk eplejus frå høgt glas og åt kanapè!
 
 Fire glade damer med elegant fotplassering på kunstutstilling.
 
På veg heim frå møte i Gaupne, henta Trygve ny-tv`n som var komen i posten.
Kristen kakka den forrige med to slag med ein liten trehammar....
Forsikringsoppgjeret gjekk kjempefort.Så no gjeld det å læra seg alle finessar med denne.
Som de ser har den kome opp på veggen slik at Kristen ikkje så lett får inn slag ;-)
 
Fredag var det litt kav i heimen (og fleire heimar rundt om)
for då skulle 4H-oppgåvene stillast ut.
Dordi har hatt skriving i år og stilte med mange sjølvskrivne bøker.
 
Martha hadde katt som oppgåve i det første 4H-året hennar.
 
Etter at vi hadde laga utstillingar, var det heimom og snu.
Eg skulle nemleg på kortkveld hos Wenche.
Som vanleg, vart ikkje
  produksjonen så stor, men ugleposen til høgre er min!
 
Laurdag var det bakardag på Leri, husmora svinga seg etter sambarytmer på kjøkkenet og trylla fram 150 kanelsnurrar, 3 brød, ei ostekake, eit sukkerbrød som vart til marsipankake seint om kvelden og lasagne klar til å settast i ovnen då vi kom heim frå 4H-fest om kvelden.
Innimellom dette fekk vi storfint besøk av ei av døtrene i lærarfamilien som budde i huset, og som kattene våre er oppattkalla etter.
Idun, som kom på besøk, hadde med seg mann, sønn og svigerdotter.
Veldig triveleg kaffebesøk rundt kjøkkenbordet med nysteikte kanelsnurrar på ei rist midt på bordet.....
Kjøkkenassistenten  var hjarteleg til stade og krevde sitt!
 
Søndag var det klart for vaksen-selskap.
Mykje triveleg folk, nok kaker og fornøgd bursdagsjente!
 
Måndag var Kristen og eg sauesank-assistentar for Trygve, og endte opp på Øygarden.
Måtte jo ta nokon bilete der oppe når eg endeleg kom meg dit.
Først av 3/5 av gal Lerum-familie
 
 
Utsikt inn mot Skjolden
 
Mot Ottum og Luster
 
Kristen ville gjerne utforska litt på eigne føtter,
men erfarte vel at bratte bakkar ikkje er så lette å gå ned....
 
Blidspent ektepar, sitat mamma

 
Etter sanketuren måndag, var det jentebursdag.
Og tysdag fekk sauene kome på nytt beite ovanfor huset.
 
Fort det går ei veke, gitt!
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar