mandag 14. oktober 2013

Nordmørs-haustferie

På Nausthaugen var det i grunnen regn og regn og atter regn,
men det var ikkje nøye!
Vi kosa oss likevel!
 
Store deler av helga var vi på Brynnhaugen.
Prinsesse Åsa fylte 1 år den dagen vi kom,
men tok gjerne eit ekstraselskap for oss dagen etter.
 
Kristen var misunneleg på alle gards- og traktorbøkene Lars og Åsa hadde.
Onkel Åsmund las gjerne for fleire.
Tante sendte med pengar til byen, så no er det komne to traktorbøker på Leri!
 
Ein dag lånte vi badestampen til Lars og Åsa, stor stas!
 
På Brynnhaugen stod det jammen ein traktor som Kristen kunne klatre opp på!
Martha ville òg bli med på traktortur.
 
Kristen kosa seg ute på Brynnhaugen
-med Gråtass......

- i sandkassen....
 
- og med å jage hønene.....
 
Ein dag stupa han salto ned i ei grøft, og vart gjennomblaut.
Då var det berre inn og finna fram dei minst jentete kleda til Åsa.
Heilskift måtte nemleg til.
Og jammen var det Drømmehagen på TV og på golvet fann han ei halvete mariekjeks.
Då var øyeblikket komplett!
 
Mamma arrangerte hagemøbel-inn-til-vinteren-dugnad i alle hus.
Her er det Brynnhaugmøblane som blir plassert på låven.
 
Tante Hanne spela nokre spel med Dordi og Martha,
medan Trygve og eg spela kort i lag med gammelkjeillåin kvar kveld.

Hanne og Åsmund har sett i gang hogst på Gardmyra.
Mykje granskog som har måtta vika!
 
Martha prøvar seg på litt stubbe-ballett
 
Sidan vi budde på Nausthaugen og forholda var lagt til rette for Kristen på Brynnhaugen, vart det berre eit lite lunsjbesøk i Straumen.
Tante diska opp med rundstykkjer og bakels.
 
Jentene fann fram Suomi-spelet og tok nokre slag.
 
Onsdag måtte vi heimatt,
og p.g.a. sommardekk og snømeldingar over Sognefjellet, var vi tidleg ute.
Vi kom til Leri før 16, og det må vera ny rekord!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar