"Eg trur du er veldig glad i blomstrar", sa den veldig kjekke sjefen på nærbutikken vår, då eg kjøpte ein bukett eller ei potte med blomster for ei stund sidan.
Men kva gjer det, dei kan jo plantast ut når telen ha gått! Gjenbruk er fint!


1. Baking av ein stor og ein liten kakebotn, ei kvæfjordkake og muffins + ei ostekake
2. Støv-vasking (tørking dug ikkje her!), støvsug og vask av 1. etasje.
3. Lage klar lasagne og salat.
4. Pynte kremkake og marsipankake.
Men i det eg hadde planlagt, drukke opp kaffen og surfa innom aviser, bloggar og facebook, ringde dyrebeskytelsen i indre Sogn. Dei hadde fått nyss i at det gjekk ei villkatt her, og ville koma for å setta opp ei felle. Katten skulle kastrerast. Og når dei først var her ville dei sterilisera Kjellaug og sjå på augebetennelsen til Georg. Om operasjonane kunne skje her inne i stova eller kjøkkenet? Jau, det måtte vel gå an.... Dei kom om ein halv time.
Det var ein effektiv husmorhalvtime!!! Full fart med rydding av eit tonn ull- og fleecekle frå benk og golv på badet. Vasking av bad! Så førstehjelpsrydding - og vasking av kjøkkenet. Og så ein liknande runde på stova og i gangen, siste plass var faktisk ikkje så gale etter at resten av huset hadde hatt på seg og tatt med seg slalomkle og -utstyr.
Eg rakk det med knapt eit sekund, som det heiter. Dei rykte inn med tre damer og utstyr. Etter at fella var oppsett ute, fekk begge kattene her sprøyte i låret, Kjellaug sågar to, og spisebordet vart omgjort til operasjonsstove.
Eg sette inn ekstragiret og fekk unna meir kjøkkenarbeid, men telefonene ringde i eitt. Rettare sagt telefonANE. Både hustelefon og mobiltelefon var varme. Eg gjorde alt eg greidde med ei hand og telefonen på skuldra (det som var lydlaust i alle fall),og var etter kvart ein aning stiv i nakken.....
Både rekkjefølgje og planen om god tid rauk.
Men eg rakk det. Eg kom ned loftstrappa, omkledd, og møtte gjestane i gangen. Kvelden vart triveleg, og jubilanten fornøgd! Det var det viktigaste!