tirsdag 30. juni 2009
At eg aldri lærer....
fredag 26. juni 2009
Sommar..... med raud mage...
Ferie og sol = strandliv!
søndag 7. juni 2009
Pumpeflaskas forbannelse

torsdag 28. mai 2009
K for....?

onsdag 20. mai 2009
Uverkeleg

Svåla med blondane sine var erstatta av ein palle, og ei gravemaskin stod parkert oppi jorddungane i tunet.
Det var sjølvsagt slik i gårkveld då eg la meg òg, men det var først i dag eg "oppdaga det".
For det er som ein draum at påbygging av vårt hus skal bli verkelegheit..
At vi skal få dei romma som skal skapa litt meir "ordning och reda" i heimen(vi trur på det til det motsette er bevist).
Bod, spisskammers, kjølerom, vaskerom, kontor og gjesterom med RIKELEG klesoppbevaringsplass. I tillegg kjem eit høgt ønska bad med litt betre plass og standard enn det vi har i dag.
Dette blir så bra!
Tenk at det er eg som sit og kikar i katalogar og blad, surfar på nettet og får gode idèar og tips -som faktisk skal brukast!!
Baderomsutstyr og møblement, fliser, panel, belegg, dører og glas...vi skal jammen kjøpa det!
Huset skal tilbake til sveitserstilen heilt og haldent, 50-talsoppussinga skal fjernast.
Det blir så fint eit lite dukkehus, trur vi.
Dette blir spennande! Eg gler meg!
PS! No kom mannen i huset (som framleis er litt skeptisk til prosjektet, mest økonomisk, trur eg) heim frå bliblioteket med tre bøker om interiør og fliser -uoppfordra! Jø, mann!
Trur han gler seg litt han òg, innst inne....
tirsdag 12. mai 2009
Prokrastinasjon
Prokrastinering betyr altså å utsetja oppgåver til seinare.
Tenkte å skriva eitkvart om dette som vi er så gode på her i huset,
men kanskje eg heller ventar til i morgon?!
Trur det blir slik!
torsdag 23. april 2009
Vårsøg
- humlene surrar og fuglane kvitrar
- vi er meir ute enn inne om ettermiddagane
- ungane er brune av møkk -og sol
- ullkle er erstatta av t-skjorter og skjørt i vaskemaskina
- møkkjalukta brer seg og traktordur er høyrbar dagen lang
- bekkane og elvane transporterar store mengder med isvatn ned i fjorden
- trea er grøne og knoppane på frukttrea er snart klare til å brista
- nordmørsimporterte kvitveis blomstrar nede ved bekken
- sola varmer og lyser til leggjetid for ungane, og vel så det
- hannkatten er berre innom for mat og kort kvil
- lamme-banden spring ut og inn av fjøset i eitt evig rush
- hanen med haremet sitt spankulerer i tunet, og rushar av og til med lamme-banden
Måtte sola og finvêret vare ved, heile våren og sommaren med!
No skin de sol e høgste Svealiå
No bli de vår, det kjenne e so vel
De søng så trongt kring alle dalasiå
å synnåvinn han kjem å gjer me sel.
-
Når sommarn kjem, da bli det fint e fjellå,
da ska e dit å hør kår bekkjinn søng,
å kliv te topps e brattast berjestellå
å vea tort å tåg å tåbærløng.
-
E kjenne lokt tå gras kring alle haua,
å sola skin, å bjøllåin kling så kløkt.
Å tjønninn legg så blank der e ska laua
me berg ekreng, der e kainn sol me trøkt.
-
Å du, å du, kår sårt å sælt e stoinna,
når sola skin frå kvite høgdå ne.
Da væt e vår'n han e kje lenger oinna
at e får levva slik ein sommar te.
-
Da væt e vesst at bekkjinn legg å venta
poinn kalle isa me så sval ein drekk.
-Når hausten kjem å sistkveldskløva henta,
da ska e takk for sommarn så e fekk.