tirsdag 21. januar 2014

Martha 10 år!

Det er i grunnen ufatteleg at det er 10 år sidan eg gjekk på Nordmøre og ruga på babyen som ikkje hadde tenkt seg ut.
Men 19. januar 2004 klokka 01.58 vart Martha fødd i Kristiansund.
Tradisjonen tro var det song, kake og pakker på senga, men tidspunktet var b-menneskeleg: 9.30!
 
 

 
Kvelden før hadde Trygve henta stolar og bord i grendahuset,
og Martha hadde dekt på og plassert alle rundt langbordet.
Alt var klart for stor feiring!
 
Etter fire sortar pizza med salat, litt leik og film var selskapet klare for kaker og snop :-)
 
I kveldinga var det vaksenselskap, og jubilanten var veldig fornøgd med dagen sin!

mandag 20. januar 2014

Nordmørstur i januar

 
2. januar sovna farfar inn, etter eit 90 1/2 år langt liv.
Onsdag 15. var det begravelse, og vi losjerte i Straumen hos tante ei veke.
Dette biletet tok eg i Straumen for nokre år sidan.
 
Vertinna i Straumen visste ikkje kva godt ho skulle gjera for oss.
Her er det eit slag selbuwist i stova.
 
Utsikta frå Brynnhaugen er upåklageleg både dag og kveld:
 
 
 
Torsdagen var avsett til skule på Brynnhaugen med start klokka 10.
Den som ikkje møtte bespist og utkvilt då,
fekk ikkje vera med Kristi og Hans Torje i badeland.
Ergo var alle seks klare til innsats til avtalt tid!


 
Unni og eg gjorde så god lærarinnsats vi kunne,
men ungdomsskulematte er ikkje til å kimsa av!
 
Martha skulle skriva ein fagtekst om mobbing....
 
Dei tre yngste gutane på Berge skulle laga teikneserie, og onkel Trygve måtte sitta modell for Johannes då han skulle teikna ein fattig bonde ;-)
 
Etter eit lite opphald på sjukehuset tidlegare i veka,
kom mamma heldigvis raskt heim att.
Og jammen kom ho innom skulestova ein liten tur ho òg!
Hipp hurra!
 
Varm lunsj er flott midt i skuledagen.
Friminutt fekk dei òg.
 
Unni møtte ei mus på kjøkkengolvet til mamma, og kasta alt ho hadde i hendene
så kaffen skvatt.
Trygve sette opp feller, og etter eit kvarter gjekk ho i.
Får håpa det ikkje er fleire!
 
Kristen dukkemann i dukkevogna til Åsa.
 
Hanne og Åsmund reiste på blåtur,
og med Tore som sjef gjekk livet på Brynnhaugen sin gang likevel.
Når foreldra ikkje var der, var til og med tantene ok å sitta i fanget til!

 
Då gjengen kom att frå badeland og mat hos oldemor, var det direkte på Nausthaugen for ei lita feiring for Martha. Bestemor hadde brus, is og kaker.
Fredagen sette vi kursen mot Leri att, medan Berge-gjengen returnerte søndag.
I vinterferien kjem vi att!
 

mandag 6. januar 2014

Måndag, ny veke og nytt år!

Godt nytt år!
Først nokre bilete frå nyttårsfeiringa vår.
 
Kristen følgjer godt med på talen til Kong Harald!

Ein glad, men litt trøytt, matros :-)

Eit trivleleg lag!
Etter kalkun og skinkesteik med allskens tilbehør var det to sortar dessert....
 
 Klokka nærmar seg midnatt, god oversikt over Sørheimsbygda og Luster frå Solbakken.
 
 Martha skålar i (alkoholfri) sjampis for det nye året.
 
Godt nytt år!
 
Då vi kom innatt var det kaker, multekrem og kaffe.
Og jammen fekk vi lokka Inger til å ta nokre trekkspeldrag!
 
Etter to arbeidsdagar og ei fin helg, var det godt å koma i gjenge igjen.
 
I helga hadde vi triveleg overnattingsbesøk av Adelheid, og dei to damene hadde ymse prosjekt for seg. Nokon fekk Dordi vera med på, andre
var nok berre for dei som manglar nokre veker på å vera 10 år!
 
Her er dei nissar som bur i fjøset, dei er kledde eksakt likt, sjølvsagt!
 
Martha og Kristen med støvsugarsveis.
 
Måndag  = fridag for meg, og det føles som ein evighet sidan sist eg var heime i lag med Kristen. Vi prøva oss på ein liten trilletur, men måtte snu ganske fort, for vinden var jammen sterk i kasta i dag!
 
Sonen vår er eit lite vanedyr, for etter turen brukar han og pappaen å eta gryn.
Eg forstod ikkje med det same kvifor han absolutt skulle inn på kjøkkenet då vi kom inn, men det forstod eg med ein gong då han fekk trua seg inn der.....
 
Eg har rydda bort julepynt og julekoppar i dag, men er ikkje heilt ferdig.
Må venta på ei oppvaskmaskin til før eg kan bera kassen opp i gammelhuset.
 
Slik var vèrbruket ute i dag, slike dagar er det best å halda seg inne!
Lysa ute på verandaen og i jasminen på terrassen får lysa ei veke til.
Det er no ikkje lyst om dagen enno, så det trengs litt kunstig lys!

søndag 29. desember 2013

Å jul med din glede

Julaften vakna vi til vind og regn og mange plussgrader.
Jentene og eg fekk med oss litt Askepott før vi måtte kle oss om og køyra i veg.
Først var vi innom Lerisbua med julegåver, så bars det til Fortun og julegudsteneste.
Heime venta Kristen og Trygve - og lukta av saueribba som eg sette i ovnen før eg reiste!
 
I år var vi så heldige å ha besøk av Helga på julaften.
Og etter å ha ete middag, var vi klare for å sjå kva som var inni pakkane.
Kristen fekk det han ønska seg mest: mange traktorar og andre framkomstmiddel.
Like glad for kvar og ein.
Martha pynta han med rosett i håret, og ansiktet hans då han fekk sjå seg sjølv i speilet med rosetten i håret var ubetaleleg!!
 
Helga hjalp transportøren vår med twist-lessing og -lossing.
Twistane gjekk fram og tilbake, frå skåla på bordet,
opp i ulike traktorskuffer og tilbake att, mange gonger.
 
I år fekk eg viljen min når det gjaldt juletre, ein fin eine vart treet vårt.
Slankt og fint, tykte eg!
Jentene var litt skuffa; skal det vera juletreet vårt??
Men no har dei nok vendt seg til det.
Tredje juledag vart dei store lysa mørke, så no er det berre ei lita lysslynge att.
Men det ryss så fælt, at det er ikkje aktuelt å prøve å få dei av og nye på.
 
Kristen og eg laga til julefrukosten 1. dag.
Han var behjelpeleg med det meste!
Jammen fekk han ikkje body med traktor òg!
 
Jentene og vi fekk mange spel i år.
Her er det Kortskalle-speling.

Sussi ventar på at vertsfolket hennar skal koma heimatt frå julefeiring i Bergen.
I mellomtida må ho klara seg med mat og klapp frå oss...
 
2. juledag gjekk Trygve seg ein tur opp skogsvegen og nedatt om Vassgjerdet.
Eg gjekk han i møte, men stoppa på Krekahammaren for å skremma han i skumringa ;-)
 
Årets jul går inn i historien som ei sosial jul
med god mat, kjekke gjester, trivelege juleselskap og roleg tempo.
Akkurat slik vi likar det!
 
No er vi klare for sein frukost i Solbakken,
seinare skal Trygve og og jentene på juletrefest i Fortun.
 

lørdag 28. desember 2013

Bacalao à la Hilde

I dag inviterte vi to vennefamiliar på bacalao.
Det har vore så mykje snakk om bacalao og oppskrifter i det siste, og i dag vog eg opp ingrediensane før eg byrja.
I dag hadde eg i meir fisk enn eg vanlegvis brukar, og det gjorde at dagens koking vart litt for salt.
 
Dagens oppskrift var som følgjer:
 
1, 3 kg klippfisk (lagt i vatn i gårkveld)
3,6 kg potet  (fekk ikkje plass i panna til alt.......potetgull til kvelds av 200-300 g)
750 g lauk i halve ringar
2 små glas tomatpurre
ca 1/2 flaske ketchup
1-2 dl olje
200 g margarin
peppar
vatn
 
  1. Ha olje og vatn i botn av kasserollen slik at det dekkjer botn, og vel så det.
  2. Legg lagvis: potetskiver, fisk, lauk, peppar, ketchup, tomatpurè, melange 
  3. Når alt er kome i kasserollen heller eg på vatn (skyljer purèglas og ev.   ketchupflaske)
  4. Set på lokk og la det koke 1-2 timar. Ikkje rør i gryta, men drei den rundt på plata nokre gonger medan det kokar. Heilt til slutt vender du forsiktig frå kanten og inn mot midten nokre gonger for å blanda det som ligg oppå lenger ned.

 
 
Etter eit par timar, ser det slik ut under lokket:
 
Vi brukar makaronistuing til, og synest det passar godt i lag.
Flatbrød høyrer òg til!
 
Min bacalao er ikkje sterk og ikkje så feit, men vi likar den akkurat slik!
Lykke til om nokon prøvar seg, eg gler meg til å høyra om resultatet!
 
Her er kveldens reste-måltid; heimelaga potetgull!