torsdag 19. februar 2009

Ny dag - ein betre idè!

Det gjekk eit lys opp for meg i går medan eg køyrde heim frå jobb:
Det må då vera dei få para på Sørsida i fertil alder som bør sendast ut på tur!
At det ikkje slo meg då eg skreiv forrige innlegg, forstår eg ikkje!

Sørsida har kanskje fleire tomme hus i snitt enn resten av kommunen, det er jo så fint å feriera her om sommaren. (Jammen bra dei har eit hus å bu i eit par veker i fellesferien!)
Nok om den saka, men vi har våre folk på ho!
Så for å få opp befolkningstalet, må vi sjå på dei husa der det allereie bur folk.

Eg har tru på ein utflukt for dei 3 - 5 para som kan vera aktuelle.
Premissane må vera:
- Ei veke på eit romantisk reisemål (Velg mellom 4-5 ulike alternativ)
- Ei veke fri med lønn
- Hjelp til å organisera pass av born og dyr

Kanskje idèen kan resultera i ein ny Sørsiding (heiter det det?), kanskje til og med i to?
Uansett utfall av desse turane, vil det gi småbarnsforeldra ein pust i kvardags-kavet!

Her talar vi om bygdeutvikling!

1 kommentar:

  1. Det var no "fælsleg" så mange idear å ta tak i for ein stakkars "bygdemedarbeidar" ; ), men ja, du er inne på noko, du! For min del hallar ønskjet litt mot det første forslaget: damene på tur, sjølvsagt i god bygdeutviklingsånd - til ei avslappande og kreativ "strategi for korleis få fart på sørsida-ånd"!!

    SvarSlett