mandag 4. juli 2011

Oldis-interrail - dag 1

Måndagsmorgon for to veker sidan forlot mannen og eg jentene hos tante, onkel og 4 guttesøskenbarn i Telemark med kurs mot Fredrikstad, der togturen vår skulle starta klokka 14.09....

Bilen vart parkert hos ein beleileg busett slektning ( 3 minutt frå stasjonen) som serverte oss velsmakande lunsj i utestova si og ønska oss god tur.


Bag og sekk + liten sekk var slunkne og lette, og alt var vel. Vi hadde 1. klasse interrailbillettar, for dama vi kjøpte dei av meinte at det var mange goder med å reisa "fint".

På første etappe til Trollhättan fekk vi kaffe-polettar og aviser å lesa. På bussen derifrå til Göteborg var det like trongt og heitt for alle klassar, men derifrå til Malmø var det i tillegg til aviser og kaffe òg frukt å få. So far , so good!

Etter rask middagskvelds på Burger King flytta vi inn i sovekupèen vår på toget til Berlin.

Ikkje visst eg at vi skulle køyra ombord på ei ferge...... men ho gjekk ikkje ned denne gongen heller, sjølv om det er veldig naturstridig å køyre både tog, trailarar og bilar ombord på eit flytande fartøy. Er det ikkje?

1 kommentar:

  1. Oldis-interrail høyres kjekt ut, det spørs om det må inn på ønskelista mi også. Rett nok har vi "raila" mykje i Skottland dette året, og det har vore kjekt. Koseleg med tog, bortsett frå når ein kjem ved sidan av ein gjeng med ungjenter som skal på konsert og "vorsar" i 4 timar, og vert stadig meir høglydt både dei og det medbragte musikkanlegget... Gler meg til å få sjå meir frå turen dykkar, for eg reknar med du skal dokumentere meir enn berre dag 1 på turen. ;-) Framleis god sommar. Irene

    SvarSlett