torsdag 7. juli 2011

Oldis-interrail - dag 10

Dette handlar om både natt og dag 10. For nattoget til Malmö skulle visa seg å ver noget ubekvemt..... Vi inntok sovekupèen med friskt mot.

Sjølv om toget frå Praha var ein halvtime forsinka inn til Berlin og fordi to restaurantar ikkje tok visakort, endte vi opp med to menyar frå Mc Donalds som vi tok med på "rommet".




Etter måltidet var i alle fall eg klar for å prøva å sova, men det skulle visa seg vanskeleg. Ventilasjonsanlegget virka nemleg ikkje, og temperaturen i overkøya var langt over sveittegrensa.


Han som skulle bu oppi der gjekk og trødde, og då vi kom ombord i ferga (og vindusgløtten måtte stengjast p.g.a. diesellukt) var han oppe i taxfri`n og lufta hovud og lommebok.


Men til slutt kom vi til Malmø utpå morgonkvisten, meir eller helst mindre utsove. Så var det same opplegget som på første dag men med ein ekstra buss for tog- etappe. Etter klabb og babb og forsinkingar, kom vi 6 minutt for seint til togbussen frå Göteborg. Så då fekk vi 4 timar på eit shoppingsenter i byen. Ergo fekk Trygve endeleg kjøpt rørtanga si, som hadde vore handle-målet for turen hans ;-)


Vel framme i Fredrikstad, sleit vi oss opp bakken til vertinna vår. No var bagasjen adskilleg tyngre og hjula på trillebagen grov seg ned i lausgrusen.... Etter ein etterlengta dusj etter natta i badstu-kupè, var det klart for eit gourmetmåltid: spekekjøt av hjort, blomkålpurrè og saltbakte nypoteter. Nydeleg!!



Natta var varm og lang, vertinna var strålande opplagt og dei tilårskomne togluffarane var enige i at dei hadde vore på ein fin oldis-interrail ;-)!

1 kommentar:

  1. Det ser ut som de har hatt ein flott tur. Kjekt å vere to-eine på tur av og til. :-)

    SvarSlett