tirsdag 5. juli 2011

Oldis-interrail - dag 5-7

Tre dagar i Krakow låg framom oss, og vi tykte allereie då at det var litt lite...



For dette var ein by vi trivdes i; passe stor (gamlebyen), passe oversiktleg, passe utvalg, passe varmt, passe med turistar. Veldig billeg og veldig godt matutvalg.



Vi budde to kvartal utanfor gamlebyen, så vi gikk til Florianerporten på 4-5 minutt.



Paret med Florianergata attom seg, skimtar så vidt tårna på Mariakyrkja.


Ingen sak å gå "heim" med handleposar eller for å henta ein jakke.
På torget var det alltid liv og røre.
Mange opptredde og mange såg på. Hestevognene køyrde rundt og rundt i byen
Her er ei breakdance-gruppe i full sving med headspinn(?)





Den gamle tøyhallen var omgjort til basar med mange boder med ymse produkt.




Ja...dette skulle vi ha kjøpt berre for å sjå kva utdanning har å seia for soppsmaken ;-)




Laurdagskvelden var det stor konsert på eit område nedom borga, og då vi seinare sat på ein restaurant og kosa oss var det stort fyrverkerishow. Uvisst om dei to tinga heng saman...

Søndagen traska vi til det jødiske kvartalet, og kom etterkvart ned til elva. Der var det ein fin promenade, og vi endte opp rundt konsertarenaen som no var omgjort til middelaldermarked.


Det var riddarar i lansekamp, kokegrop-mat, smedar, naturprodukt og handverk.

Artig når ein plutseleg hamnar oppi noko slikt!

Eit katolsk bryllaup fekk vi òg oververa i Mariakyrkja. Noko likt, noko ulikt frå kyrkja den norske. Det mest spesielle var at halvparten av gjestane kom dinglande i løpet av viinga.
Alle med blomsterbukettar som dei bar oppned.




Søndag 21.57 sat vi klare på nattoget til Praha. Der betydde 1. klasse 2 vassflasker og to croissanter som stod klart til oss. Når sengene på 1. klasse var ca 60 cm, er eg litt engsteleg for dei som låg i overkøya på 2. klasse..... Smalt, ja! Særleg for han som vann trekninga om å ligga øverst. Men det gjekk heilt fint, ingen datt i golvet.

Kanskje fordi det humpa og dumpa så fælt at det var vanskeleg å få sova?

I kupèen på veg til Praha. Farvel og på snarleg gjensyn, Krakow. Då i lag med ungane!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar