tirsdag 26. mars 2013

Første utekaffe!

I dag har vi , etter vår målestokk, hatt ein effektiv dag på farmen.
Kake er bakt, buatur gjort, huset er shina, ei hylle med rot har vorte til ei hylle med spel, kjøkkensluken renska, bua er gjort framkommeleg, granbar og juletrelys er fjerna frå verandaen og svåla er rydda.
Då dette var gjort sette eg meg ut i sola i lag med Dordi, Kristen var med.
Men vi fann ut at bobledressen vart for tjukk og hindra nesten all bevegelse.
Så då vart boblejakke og fleezebukse antrekket i staden.
Solbrillene kasta han av seg så snart vi sette dei på....
Dette var først dagen hans på terrassen, og han heldt seg merkeleg nok på platten!
 
 
 
Etter kvart fekk vi to puljer med kaffegjester nesten samtidig, og den eine hadde sogar kake i bilen som ho serverte oss!
Fantastisk at det verkeleg gjekk an å sitta ute i solveggen utan å frysa!
Martha var inne og fann genseren sin som eg vart ferdig med i går, og hadde den på seg.
Den skulle vore dampa først, men, men....
 
 
Då gjestene reiste, kom vi på at vi skulle prøva om grillen var klar for ein sesong til.
Etter litt startproblem, eller rettare sagt tilkoblingsproblem, gjekk det som ein draum.
Finnest dårlegare grillutsikt :-)

 
No leikar jentene ute på trampolina i lag med påsketuristar, dei har det visst kjekt om det er litt kaldt no etter at sola gjekk ned.
Eg skal leggja klippfisk i vatn.
I morgon kjem ti prominente bacalao-gjester utpå ettermiddagen.
Det gler vi oss til!

1 kommentar:

  1. Å herremin så effektiv då: gensaren til Martha ferdig allereie!!! og baka og styra og vore vertinne. Nei, det får ein seia var driftige damer og karar på Leri! Eg har på den tida du har brukt på dei to gensarane ca. kome 1/4 på ein Dorthe gensar til Ingvill......

    SvarSlett