mandag 25. mars 2013

Vår i sikte?

I dag har vi bruka ein halvtime på litt jobb ute.
Ikkje så mykje som skal til....
 
Først måtte jasminen til frisør, han var aldeles forvokst og forsømt.
Bondefrisøren kunne berre bolleklipp, men sidan vi ikkje hadde stor nok bolle, tok han eit tau og batt saman heile busken.
Så var det grovklipp med motorsag.
 
 
Frisøren var spent då han lausna tauet.....
 
....men resultatet vart slett ikkje verst!
Etter litt finklipp med saks, er jasminen klar for våren
-og etter kvart sommarens blomstring!
 
 
Hagemøblane vart henta fram frå redskapshuset,
det må no vel vera eit vårteikn!
Litt kaldt å sitta i ro, men kler ein på seg går det nok...
Kaffegjestar er hjerteleg velkomne mellom ti på elleve og kvart på seks,
då er det sol på Leri! ;-)

 
 
Isen dekkjer heile fjorden frå Skjolden til Berteigane,
og jammen trur eg fjorden frys til lengre ute òg om natta.
No er det nok fjordis og kulde tykkjer eg!
Eg er eigentleg ikkje så glad i gul påske, likar betre pastellfargar.
Men i år er det gult, gult, gult både inne og ute.

 
 
Det lille, runde bordet med stolar er og utkomne og sett oppi solkroken,
men det gløymde eg å ta bilete av.
No vart det tre ekstra blomstrar å ta inn til kvelden, for jammen blir det kaldt med ein gong sola går ned i sekstida.

 
 
Eit sikkert vårteikn er at vi byrjar å tørka kle ute på snora.
I dag var det faktisk ikkje kaldt på fingrane heller då eg tok inn ein vask og hengde ut to.
Og når lamma breka i fjøset medan eg heldt på, kunne eg innbilda meg at våren var her.
Morelletreet derimot, ser ikkje ut til å tru på ein tidleg vår....

 

1 kommentar:

  1. Yippi, det er flust med vårteikn no, berre ein set GODT etter, og ikkje kiker på gradestokken ;-)

    SvarSlett