søndag 4. august 2013

Olsokmarknad og låvedans

Med jentene heime att, vart det brått fullt program og køyring hit og dit att.
Laurdag og søndag var dei i Fortun der lykkehjul og vener trekte!
To jenter var glade for å møtes att etter veker frå kvarandre.
Desse to gutane vart og glade!

Heia Kristian, her kjem eg!

 
Kristen - og alle andre- fulgte interesserte med på
ein kar som skar ut dyr og folk med motorsag.
 
Laurdagskvelden skulle Adelheid vera her og bli med på låvedans.
Men først måtte feriegåver utvekslast!
 
Spennande!!
 
To snertne sneller i nye t-skjorter!
 
 
Om laurdagskvelden tok vi turen opp på Øygarden på den årlege låvedansen.
Her er fire kjekke karar i passiar!
 
Pølse er godt - i alle fall litt godt....
 
Flott utsikt frå låven.
Smart å ta bort halve veggen når ein lagar selskapslokale på låven!
 
Damene klare for låvedans!
 
Ikkje noko å seia på servicen på festen.
Både kortstokk og "Kristen-leiker" vart trylla fram!
 
Kristen er ein aktiv type som ikkje hadde så mykje til overs for å sittja i ro og prata....
Han ville undersøka det meste, og foreldra, Inger og Magne og Dordi
 måtte ta sine turar i lag med han.
Her er det vatn!
 
Ein runde på skuldrene til Dordi var kjekt!
 
Utpå kvelden vart det bålbrenning!
 
Og då vi var komne så seint på kveld, var det på tide å leggja seg for Kristen minstemann!
 
Men vi fortsette kvelden ute på verandaen,
-ein flott sommarkveld på Leri!
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar