søndag 4. august 2013

Kvar vart det av sommaren?

Minner om sol og varme....
Her er stranda vår i flo med utsikt mot Luster og Dalsdalen.
 
Store bølgjer på stranda
 
Eva på Åsahaugen kom på besøk med champagne og Hawaii-rose til Trygve for flott slått!
Så Unni, du fortener litt av denne flaska for god raking!
 
Då vi rima av frysarane, fann eg nokre isboksar med bær.
Vips, vart det safting.
Mest bringebær med litt rips og enno mindre solbær.

Fredag sist veke skulle vi endeleg henta heim jentene.
Fordi bilen deira kollapsa, vart det lang tur på oss, heilt til Sunndalsøra.
65,5 mil stod det då vi kom tilbake til Leri.

 
Kristen digga Bob Marley og reggea-musikk i bilen.

 
Attom desse kyrne, kom det ein syklande cowboy!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar