søndag 25. august 2013

Skulestart

Måndag = fri for meg dette skuleåret,
men akkurat denne måndagen ville eg på skulen.
Første skuledag-starten er kjekk å få med seg!
Her er trekløveret før jentene gjekk ned og tok taxien til skulen.
 
Etter flaggheising og fotografering på skulen,
kom Anne Helen og gutta på tidleg-kaffe.
Veldig koseleg og mjuk start på skuleåret!
Fadderungen min veks så fort!
 
Dei to "store" gutta kika etter traktorar ute.
 
Om kvelden var det fotballtrening i Luster att for Martha, men klok av skade tok Kristen og eg oss ein tur i staden for å springa i vegen på fotballbanen.
Ein stolt pappa viste sin håpefulle rundt på Luster Grønt :-)
 
Først var trucken litt skummel...
 
- men så ville han vera med når pappa køyrde.

Og jammen fekk han vera med å køyra på plass ein palle med bringebær
på plast-karusellen.
 
Tysdagskvelden var vi oppe i Solbakken ein snue, og då vi var på farten nedatt,
kom cruisebåten stimande ut fjorden.


-og neste kveld kom ein ny....
 
Planlegging av timar, halvår og år går bra når ein har slikt heimekontor!
 
Fredag var det klart for overnatting i Hestehagen for kvartetten.
Og jammen fekk dei ikkje med seg ein ungdomskonsert med Erik og Kriss i Parken òg.
Jentene hadde laga plakat, og øva seg på konserthyl.
Ingenting å seia på forberedelsane på desse damene!
 
Star-strucked?!!
 
Kvartetten etter konserten!
 
Bilda frå konserten fekk eg frå ekstra-mamma Anne Helen, for ho mor sjølv var i Munthehuset i lag med gode kollegaer og åt gourmet-mat.
Først fekk vi røykt ørrett.
 
Entrecôte med hagens grønnsaker
 
Bringebær med piska rømme med vaniljekrem og ruccola- og appelsin-is
 
Laurdagen skulle Dordi vera med 4H ut i Kroken, og Kristen og eg følgde ho ned til vegen
 
Ut på kvelden tok vi ein sykkeltur medan vi venta på
at pappa skulle koma heim frå Luster Grønt.
Her meiner han at farten er for liten...
 
Dei woka grønnsakene vi hadde til hjorteindrefileten i går såg lekre ut, måtte senda ein snap til Gunn. Greidde ikkje heilt å halda nivået frå Munthehuset, men det vart godt!


 
I dag er det søndag og sola kjem og går.
Men det er fin temperatur og trilleturen gjekk til Sande.
Trygve er på pistolstemne på Hillestadstølen og Martha skal hentast i Hestehagen.
Dordi vil køyrast på bading på Fjordstova i lag med vener.
Berre Kristen og eg som er planlause i dag,
har baka brød, sidan får resten vera til ein regnversdag!
No er det skyssing av eldstedama til Skjolden.
Ha ei fin veke!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar