torsdag 21. april 2011
Påskefargar på Leri
onsdag 20. april 2011
Lag nokre kort - fort!
I dag måtte eg få ferdig eitt konfirmasjonskort som skulle i veg til Stavanger i morgon.
Og når eg først var i gang og utstyret var utpakka på kontoret, laga eg like godt to veskekort og eitt bursdagskort òg.
Då eg var på kortkveld hos Wenche for ei veke sidan, laga ho mal til desse veskekorta. Så fiksa eg og triksa litt til dei vart "mine". Enkle og greie!
Er så fornøgd med produsent-stempelet mitt :-)
Gutte-konfirmasjonskortet fekk eg idèen til i det engelske scrappebladet eg abonnerte på, og eg trur eg har sett eit liknande på ein norsk kortblogg òg. Men her er min versjon.
søndag 3. april 2011
På vårleiting.... og eg fann, eg fann!
Utpå ettermiddagen etter to kaffebesøk, tok eg kamera med meg og rusla meg ein tur etter vegen og ned i grendahuset for å sjå om våren var der òg. Og han var alle stader. Vinteren sist helg var borte og små, tidlege vårteikn stod i kø.
Eg knipsa og knipsa, det eine motivet finare enn det andre. Men då eg kom heim og skulle overføra bileta til maskina, viste det seg at minnekortet var kaputski. (Eg såg jo at det stod "ingen minnekort" for kvart bilete eg tok, men rekna med at det var i orden..)
Då tok eg ut på min tur nummer to for dagen, og tok litt bilete. Men då var klokka sju, sola var heilt forsvunne attom skyane og nokre regnbyger kom til syne oppi fjella. Men eg viser no bileta på andre runde eg, sjølv om dei første var betre!
Telehiv har vi mange av på Sørsida i år. Dette er ikkje av dei verste....
Det sikraste våreteiknet er lamma, og dei bryr seg ikkje mykje om det er snø ute. Egentleg skulle det ikkje vore lam før 10. april, men ein kan ikkje styra alt, seier bonden ;-)
Og då erklærer eg at våren er komen på Sørheim! Ha ei fin vårveke!torsdag 24. mars 2011
Stille krig i heimen
Dette må vel vera reality-blogging på sitt verste?? Og her "manglar" ein stor haug med handdukar.
Eg prøvar å halda meg, når eg vaskar kle, legg eg berre saman kleda som heng på stativet og får dei på plass i skåp og skuffer.
Haugen får berre vera, nesten i alle fall. Må med skam medgi at det hender eg plukkar med meg ein tights, tunika, truse eller ullkle til ungane når eg først legg saman kleda på stativet.
Og i dag la eg saman ein haug med handdukar og fekk ut på badet.
Ergrar meg over min svakhet, for eg har tenkt at han får ordna opp i og fullføra klesvaske-iveren sin sjølv.
Og på kjøkkenet hender det plast-avfallet vert lagt på benken når plastavfallposen er full.... for det er mi oppgåve å knyta for og henga opp ny pose der når den er full. Ein kan kriga om alt. I alle rom.
PS! Det mest betenkelege med kleskrigen er egentleg at mengda kle i skuffer og skåp ikkje ser ut til å minke, og at det er sjeldan vi saknar noko. Vi har alt for mykje!
onsdag 23. mars 2011
Våren har gjort entrèn sin hard og brutal i år
Snøen har lava ned med jamne mellomrom og styrka isen, slik at den har vorte tjukk og kompakt.
Slik ser det ut på ekra nedanfor vegen i dag, skøytebane med nedoverbakke
Og sjølv om snø- og steinras ikkje er noko å trakta etter, faktisk det som er verst med å bu her eg bur, kan ein forstå at det måtta krutt til i år for å endeleg få slutt på vinter og snø.
Og moooot normalt, vart det to slike pøsned-dagar med berre ein dag mellom.
Her er raset som kom måndag nokre kilometer uti vegen rydda
I morgon, fredag og laurdag er det meldt SOL og flott vår-vèr.

Så får ein la vera å sjå lenger enn som så, for nokon har kviskra meg i øyret at på laurdag skal det snø igjen. Han gir seg ikkje lett denne vinteren...
søndag 13. mars 2011
Vårteikn
"Eg trur du er veldig glad i blomstrar", sa den veldig kjekke sjefen på nærbutikken vår, då eg kjøpte ein bukett eller ei potte med blomster for ei stund sidan.
Men kva gjer det, dei kan jo plantast ut når telen ha gått! Gjenbruk er fint!
