tirsdag 28. september 2010

Graset er grønnare på den andre sida av gjerdet


Og då heftar det ikkje om ein lyt gå i vatn til magen gjennom ei miserabel flo-gjerding.
For "naboen har betre gras enn bonden vår."

Men i kveld møtte nabosauene sin overkvinne (les: meg!) , og måtte fint tusla heimatt same vegen som dei kom.
Då hadde fjæra kome, så returen var meir behageleg enn turen til.

Så er det berre å håpa at turen ikkje freistar til gjentaking.....
i alle fall ikkje før bonden her har reparert gjerdinga:-)

tirsdag 24. august 2010

Hylle-hyllest og hylledag

Hylla er undervurdert, men ho gjorde underverk for kontoret - og meg!

Kontoret mitt - og dei andre romma i 1. etasjen har vore ferdige sidan i vår, men utan hyller var dei null verdt!

Denne veka kom det opp fire hyller på kontoret mitt, stor takk til mine to snekkarmenn!
Og på 1-2-3 vart det eit visst system i kaoset som har råda der. No skal det seiast at eg slett ikkje er fedig med systematisering, sortering og kasting, men eg er på god veg!

Velkommen inn for ein kikk!

Dette er utsikta frå kontorstolen, kan ikkje klaga på den!


Denne hylla er laga av eit bordkledingsbord som faktisk var festa på akkurat denne veggen og nesten på same plassen då den var yttervegg for vel eit år sidan. Har berre vaska ho, og høvla litt - er grueleg fornøydd med denne hylla! God og brei, tjukk og solid! (Vart nesten ein beskrivelse av kontorets eigar ;-)


Denne hylla og dei to under, er òg gjenbrukshyller. Dei kjem frå kjøkkenet og er så gode som nye. På øvste hylla har eg plassert sysakene, som eg (desverre) reknar med kjem til å bli lite bruka..


Kjøpmannsdisken stod på stabburet her før og inneheldt mjøl og gryn. Musa har gnagd seg hol inn både framme og bak, og knottar manglar på mange skuffer. Men eg tykkjer det er eit sjarmerande møbel, om enn litt monumentalt på eit lite kontor....


Til slutt lyt eg syna eit bilete frå rommet over gangen. Trur de ikkje bua fekk hyller same dag som kontoret mitt. No kan vi snart pakka opp att alle kjøkkenmaskiner og -dupedittar, det er fort vi fyller ei bu!
Trur eg innfører hylla sin dag her på garden! Ho fortener oppmerksomheit!
21. august vil eg feira den, då kom det hyller på kontor og bu her i år.
Hipp hurra for hylla!

torsdag 1. juli 2010

Ferierande fruer


"Ah, jammen har vi det godt!" konkluderte naboen og eg i kveld medan vi sat på verandaen med panoramautsikt over fjorden og sola som spegla seg i den.

Hennar bestemorungar og mine ungar kosa seg i høyet
etter ein dag med bading i oppvarma basseng hos naboen og deretter mange timar på stranda her med bading og roing i plastbåtar og kano.

Siste post på fellesprogrammet var is og hopping i høyet her for ungane,
medan vi tok med ein anna forbispaserande nabo opp på verandakaffe og is/kake.

Heldige er vi som har ferie -og i grunnen ikkje treng å gjera noko anna enn å kosa oss i lag med kvarandre og ungane :-)

Men i morgon, kjem atter ein dag. Kanskje vi kan måla og snekra litt då, om vi ikkje vel å berre kosa oss ein dag til.....

mandag 10. mai 2010

De e`kje te å tru!


JUHU!
Frå i dag erklærar eg verandaen utafor litj-stua for opna!
Eventuelle besøkande må sjå bort i frå at gelenderet er noko glissent og at stillasane akkurat no dominerar sikten noko.
Men; det er kaffe og selskap å få
- og sol til nesten halv ni om kvelden!

Velkommen!

lørdag 1. mai 2010

Vårslappå???


Frisk som ein fisk og sprek som ei sidrumpa loppe,
men så trøytt!!
Kan ikkje fatta at det skal vera så umuleg å ikkje gjespa frå i 4-tida til eg legg meg?

For det gjer eg, gjespar altså og føler at eg kunne ha sovna kvar som helst når som helst.
(Ja, kanskje ikkje på ein travande hest slik eg høyrde ein kar hadde gjort i natt, men alle andre stadar.)

Og når eg tenkjer på tomme blomsterkrukker+stemorsbrett som har stått i loftstrappa ei veke eller to, og eit stovetak som skrik etter måling, blir eg ikkje mindre trøytt og slapp!

Det er nok best eg sit her eg sit; med Georg-katten og internettet (som ein kollega seier) i fanget, telefonar og kaffekoppen innan rekkjevidde. Så kan eg duppa av litt når eg vil.
I mellomtida håpar eg arbeids-feen (må jo finnast sidan tannfeen er her så ofte), svingar tryllestaven og strør om seg med vakenheit og tiltaktslyst over meg - alternativt kan feen fiksa hus og mat til taco-kveld med gode naboar om eit par timar ;-)Det gler eg meg til, måtte eg la vera å gjespa!
God laurdagskveld!
PS! Bildet er frå ein tur eg gjekk i går, fordi eg ikkje ville sitja og sova inne blant folk medan eg venta på at jentene var på korøving, så noko godt (les: trim og frisk luft) kan det koma ut av vårslappheita mi! ;-)

torsdag 3. desember 2009

Advent , slik ein 7-åring ser det.

ADVENT

VISTE DU AT ADVENT BETYR VENTETID?
ADVENT KAN OKSO BETY AT VI VENTER PÅ AT JESUS BLE FØDD .
VI SIER AT DET ER 4 SØNDAGA I ADVENT.
Å NÅR DI 4 SØNDAGENE HAR GÅT ER DET NESTEN JUL.
ADVENT FARGEN ER LILLA.VER SØNDAG I ADVENT TENNER VI EIT LYS.

EG SYNES ADVENT ER EIT FINT ORD, SYNES DU??

29. DA BEGYNER ADVENTEN I ÅR, DET ER EIN SØNDAG...
I ADVENT DA ER DET MANGE YRKE SÅ HAR DET TRAVELT, FÅREKSEMPEL POSTMANNEN
HELER POSTJENTE...
EIN AV NASJONAL FARGENE I NORGE ER BLÅ, MEN LILLA LIGNER GANSKE PÅ BLÅ .
MINE YNDLINGS-FARGER ER ALLE NASJONAL FARGENE PLUSS LILLA.




EG HAR ADVENTKALENDER HAR DU???
EG FÅR EIN PRESANG VER DAG ETTER MIDDAG FREM TIL JULAFTA.
ETTER MIDDAG KAN FÅREKSEMPEL VERE HALV FIRE.
VI HAR OKSO EIT LYS SÅ VI TENNER EIN CENTIMETER KVAR DAG FREM TIL JUL.


torsdag 12. november 2009

Helse Førde sparar pengar

Somme tider kan ein bli litt oppgjeven av byråkratiet, eller ganske ofte om ein orkar.

Min sak er at eg søkte om å få eit forstøvarapparat i samband med min ganske nyerverva astma. Det var forresten ikkje berre, berre å laga ein slik søknad, men det er ei heilt anna sak.
I alle fall fekk eg avslag på søknaden, utan nokon grunngjeving.

Fordi eg har ein snill, astmastisk lillesøster, fekk eg låna apparatet hennar, og det har stått her sidan, og vore i bruk dann og vann. No om dagen dampar det ut ventolin til meg fire gonger om dagen, til stor hjelp for åndedrettet mitt.

Men kva hadde skjedd om eg ikkje hadde hatt eit slikt apparat i hus?
Jau, eg hadde vore hyppigare på legekontoret, kanskje sykehuset og eg hadde vore meir borte frå jobb. Blir fort pengar av slikt!
I tillegg er apparatet ei slags sikkerheit for meg som bur nesten 4 mil unna legesenteret, ein blir ikkje mindre tett av å vera redd for å ikkje kunna få pusta....
Men dette kunne altså ikkje Helse Førde unna meg å få låna frå Hjelpemiddelsentralen.
(Enno dei spanderte både sykebil, luftambulanse og nokre døgn i sykehussenga på meg før astmaen vart kontrollert. Stod ikkje på det!)
Er det ikkje ein logisk brist ein eller annan plass?
Eit slikt apparat er ei billeg investering for dei, og ei viktig ei for meg.
Kva er problemet?
Ikkje rart Helse Førde går med underskot i alle fall!