søndag 31. oktober 2010

Maestro og akutt lengsel



Då vi kom inn dørene her etter svogerbursdag, starta programmet Maestro på Nrk1.
Denne gongen var det orkester med kor dei skulle dirigera.


Og der kom perlene på rekkje og rad....
Requiem og messer som eg har vore med og framført.


Og eg tok meg i å sakna korlivet noko inni hampen.
Eller, eg er med i eit knallkjekt kor,
eg sakna eit kammerkor som framfører store verk med orkester og solistar.


Eg saknar Peder, Tor og Knut.
Eg saknar partitur, øve-cdar, manglande sjølv-øving, frustrerande prøvar og hektiske øveperiodar.
Eg saknar diskusjonar om råd og knep når alle førstesopranane hadde skrantne stemmer.
Eg saknar turane rundt omkring i fylket i bil med lunsj i benkeradene og middag i dåpsrommet.
Eg saknar å laga stor og flott musikk i lag med kor og orkester.

Og no er det snart 1. søndag i advent og Juleoratoriet av Bach. Det heng tett i hop. No syng eg med dei beste musikarane, solistane og koret i verda denne søndagen. Kvart år. Det er eg og cden den dagen i året. Eg syng av full hals, og for kvart år må eg innsjå at songforma ikkje er på topp. Ikkje når eg dei høgaste tonane like lett og ubesværa og ikkje held eg ut fraseringane som er avmerkt i notane mine.

Så det er vel kanskje til sjuande og sist bra at ting er som dei er. At eg går her på garden og syng med mitt nebb medan eg reknar med at magien blir skapt i Nordlandet kirke i år òg. Der er førstesopranane i strøk og held både ut frasane og når opp til tonane!

Men eg lengtar no etter det likevel.....

4 kommentarer:

  1. Hilde, jeg forstår deg veldig godt. Noen ting er kanskje slutt for alltid, og da kan gode minner være ganske såre. Men du er nå fremdeles flink til å synge, og hvis du øver med verdens beste kor og orkester, så har du den nok i en del år til ... Skal ikke sangglede ha julekonsert?

    SvarSlett
  2. Jeg så også det programmet, og har også sunget i kor, kirkekor. Der hadde vi flere av disse stykkene. Veldig vakre.

    Så koselig at du også har vært innom Bikuben og bestilt hjertepuncher. :) Jeg sendte dem en mail nå, og sa at de kunne gå inn på bloggen min og se reklamen jeg har gitt dem. :)

    SvarSlett
  3. Kjenner meg godt att i det du skriv eg og, frå tida på musikklinja. Der satte me, saman med eit oratoriekor og Mangersnes, opp fantastiske stykker kvart år. Utruleg morsomt! Det var Verdi's requiem som fekk meg til å prøvesynge for Bergen domkantori - så utruleg kjekt å vere med på slik musikk. Eg ser forresten at Meg om mitt ligg på lista di. Den er ikkje aktiv for tida, no er det "Der ingen skulle tru" som gjeld :-)

    SvarSlett
  4. Hei, Hilde. Så koseleg du skriv. Er innom og snik meg til å lese bloggen din av og til. Eg har allereie høyrt på Bachs Juleoratorium eit par gongar i år. Vakkert. Eg håpar eg får med meg julekonserten i The Great Hall oppe på Stirling Castle i år. Talglys og kor i middelalderkostyme, det må vel gjere godt for julestemninga. Håpar du får ei koseleg og god førjulstid.
    Irene

    SvarSlett