søndag 24. oktober 2010

Søndagstur i grenda


I dag har heile familien vore på søndagstur frå den eine enden til den andre i bygda vår.
Kanskje 6 kilometer etter vegen, med ein kilometers avstikkar opp i øvrebygda.
På denne turen hadde vi 10 stopp.

Det er berre 10 bebudde hus med til saman 22 fastbuande her i grenda. Kan skjønna det er alt for lite!
Tenk berre på slik det var i gamle dagar. Då var det folk i alle hus og tenestefolk på alle gardar.
Det var liv og røre med butikk, skule, telegraf, post, skomakar, dampbåt.....

Jammen hadde det vore artig å skrudd tida tilbake, vore med her for 50-100 år sidan.
Fått møtt alle desse fargerike personane eg har høyrt så mykje om.

Men eg får ta til takke med 2010 og ei flott grend med plass til mange fleire.

Velkommen til oss! :-)

2 kommentarer:

  1. Kjenner det litt slik her me bur òg.. Mange tomme hus. Ein ser det så godt når vinteren kjem og turistane reiser...mørkt i annakvart hus bortover.

    Men det er jammen godt at nokon av oss ser verdien av å bu her i utkantane!

    Me bryr oss iallefall om naboane våre. Ha ein flott måndags-ettermiddag!

    SvarSlett
  2. Bygdelivet høyrast jo på ein måte freistande ut! Eg er sjølv frå ei lita bygd, men ikkje sååå lita heller.. No har eg imidlertid blitt byjente, og storkosar meg med bylivet i nærleiken og bymarka utfor husdøra... Herleg!

    Ønskar deg ein fin og lys haust, med eller utan hengelampe i stova! :)

    SvarSlett