torsdag 25. juli 2013

Sørheim badeland, besøk og sol

I gårkveld då vi var i Solbakken, avtalte vi badebesøk dagen etter.
Synes fjorden er litt for kald til Kristen, men i bassenget var det 28 grader.
Han var nok ikkje overbegeistra.
Men han var no oppi der i lag med Inger og meg nokre minutt før han ville opp på kanten.
Vi får prøva til igjen!
 
Denne "dammen" var perfekt, meinte Kristen.
Der duppa han anda si, skoene og føttene
og hadde mykje godt arbeid for seg.
 
Inger steikte vafler, og Kristen tykte det smaka mykje betre
enn middagen eg hadde med....
Jordbær likar han ikkje, men is derimot.....
 
Medan vi sat og drakk kaffe, kom den første cruisebåten ut fjorden i stor fart.
 
Ja, og eit instaweatherbilde var i grunnen på sin plass oppi der.
28 grader klokka fem er sommar på sitt beste!
 
Vel nede trekte vi i skuggen.
Kristen dreiv som gartnar på slutten oppi Solbakken og var full av jord,
så eit bad var på sin plass!
 
Han trøydde seg leeenge i stampen, så slik sat vi og kosa oss!
 
Så kom Arne med materialen vår, og etterpå kom fire av damene hans opp frå stranda.
Veldig triveleg kveldsbesøk på terrassen!
 
Grilling kvar kveld no i finveret, og i kveld skulle eg avansera litt.
Frå kotelettar, karbonadar og pølser til lammesadel.
Etter å ha godgjort seg i marinade heile dagen, var eg spent på om eg fekk den gjennomsteikt utan å svi den. Men det gjekk faktisk heilt flott!
Juksa med steiketermometer, og då gjekk det som ein leik.
Spørs om eg tør å våga meg på eit lammelår slik Ola gjorde då vi levde som grevar på Berge...
 
Så vart det sein middag i kveld att.
Men bonden har hatt lang arbeidsdag og fått inn masse tørrhøy,
 så då er det ikkje så nøye med måltid-tidspunkta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar