onsdag 24. juli 2013

23. juli

I dag har vi gjort noko vi skulle gjort for lenge sidan
- og kanskje på ein litt kjølegare dag.....
Vi, eller mest Trygve, har av-isa to frysarar!
 
Og jammen var det litt av kvart å finna....
Både salt mat og søt mat, kjøtt og fisk.
 
Kristen greidde berre å sova ein times tid i dag i varmen,
så i totida var vi på plass på stranda.
Her spaserar han frå den parkerte pickupen mot stranda.
 
Vi fekk besøk av May Grethe og Frode på stranda i dag.
Men Kristen vart fort trøytt og grinete og ville oppatt.
Så då fekk han sove eit par timars ettermiddagsdubb.
Og medan vi ferierar, jobbar bonden for fullt med høyet sitt....
 
Sjekk temperaturen vel seks i kveld....
 
Då Kristen vakna, tok vi turen opp i Solbakken.
Der var det lenge sidan vi hadde vore, men fontena hugsa han.
Boms, så var alle steinane rundt kanten kome oppi bassenget. 
Fontenedama har fått låna solhatten ;-)
 
Magne fann fram traktoren, men Kristen var litt for kort i føtene
 
Utsikta derifra er den flottaste i bygda, vågar eg å seia.
 
Vel nede att var det klart for grilling av spareribs,
og ikkje minst saftkoking.
Fann ein del bær i frysaren oppe i reiskapshuset,
så her var det berre å trø i gang saftkokaren!

 
Som vanleg åt vi middag på Leris uterestaurant på verandaen.
Fint folk et seint, og i kveld vart det rekordseint.
Vann akkurat å eta ferdig før kveldsnytt.
Temperaturen kunne vi ikkje klaga på.....
 
Ny fin dag på farmen, og i morgon fortsett finveret!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar