torsdag 11. juli 2013

Ferieklubbens siste dagar i 2013

 
Dei fire kyllingane i fjøset har vokse.
No har dei vore på lang tur; heile fjøsgangen til endes!
Kristian var fascinert over pipippen.
 
Dei siste tre dagane var det strålande ver og heilt klart badever.
Temperaturen i fjorden var derimot låg!
Ingen hindring for (meir eller mindre) ivrige rakarar som ville avkjøla seg i cruisebåtbølgjene!
 
Blomkålsuppe smakar godt mellom arbeidsøktene ein varm sommardag.
 
Siste rake-etappe var oppe på Åsahaugen måndagskvelden.
For å halda motivasjonen oppe vart arbeidsstokken tilbudt prima skyss opp.
Stor stemning og høgt lydnivå!
 
Arbeidsleiaren instruerar rakarane.

Og arbeidet gjekk som ein leik!
 
Kristen hadde mykje å følgja med på.
Ni rakarar er ikkje daglegkost på Leri!
 
Ein stor, liten røvar i eit enda større traktorhjul!
 
God stemning på arbeidsplassen er viktig!
 
Klokka ni var siste lasset raka, og då var det sjølvsagt kjekt å sitta på lasset nedatt.

 
Nede på kjøkkenet hadde eg steikt pannekaker i tre panner.
Trygve hadde lova gutane pannekaker sidan dei kom, og siste kvelden måtte det bli.
Johannes var ikkje heit fornøgd med at det var tante og ikkje onkel
("Verdens beste pannekakesteiker") som hadde laga pannekaker.

 
Men pannekaker smaka uansett godt etter to timars raking.
 
Siste kveld i ferieklubben.
Pakkinga var unnagjort, neste dag skulle dei til kvar sin kant i landet.
Håpar det kan gjentakast neste sommar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar