tirsdag 2. juli 2013

Farfar 90 år!

Tysdag 25. juni fyllte farfar 90 år.
Vi kom på at vi ville gi han eit bilete av oss sjølv og leigde inn fotograf same dag.
Det er ikkje ofte at alle tre søstrene med familier er fulltallig samla,
men det var vi no.
Hanne hadde sett for seg fotografering nede ved straumen, og vi vassa oss ut på berga.
Først heile hurven, så alle ungane og til slutt vi søstrene.
Blir spennande å sjå resultatet av fotograferinga!


 
90-årsdagen skulle feirast hos pappa.
Farmor og farfar hadde laga til koldtbord med mykje god mat, som vanleg.
Her er barneavdelinga...
 
Kirsti og Åsa
 
Jubilanten er klar for kakebordet.
Tenk å ha feira bursdag 90 gonger!! Dei første gongane i mellomkrigsåra....
 
Her er kortet eg laga til han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar