onsdag 3. juli 2013

Rapport frå ein regntung onsdag ettermiddag på Leri

Eg måtte lufte hovudet mitt litt, og kom på at eg skulle ta nokre bilete om kva som var på gang på Leri onsdag i halvfem-tida.
Georgen kom mjauande i mot meg, fortsatt oversosial etter at vi vart borte ei veke.
 
I fjøset har det kome kyllingar, men då eg skulle ta bilete  av dei,hadde dei søkt ly under vingane til mor si.
Men det er fire stykk søte, svarte kyllingar som lever sine første dagar på Leri.
 
Oppe i bakken sleit bonden med å sveisa ei tind/ tinn(?) på svansen.
Han fekk visst ikkje heilt dreisen på det..
 
Då eg kom innatt, sat ungane i vante positurar: framfor kvar sin skjerm.
Men, her mangla det to...
 
Dei fann eg på loftet framfor dataen....
 
Kristen vil så gjerne vera med dei store, men det går sjølvsagt ikkje an heile tida,
så då er det "Mamma, mamma, mamma" dagen lang....
Får ikkje gjort så mykje effektivt, men pytt sann!
Har i alle fall fått til tre måltid i dag, så då er eg fornøgd.
Resten får venta til i morgon!

1 kommentar:

  1. Utruleg bra oppdatert blogg! Kjekt å lesa og masse flotte bilete! Det er ganske så fint oppi "Stræmen", må eg innrømma - heilt anna landskap enn inni fjorden. Sjølv om det er beautiful her òg, det seier seg sjølv ;-*)

    SvarSlett