tirsdag 2. juli 2013

Nordmørsferien er omme

Heime var det folk i alle hus, men måltida var ofte i lag.
Her er det frukost på Brynnhaugen,
jammen bra at Hanne og Åsmund har så stort kjøkken!

Hanne og Åsmund hadde fått ein båt oppe i Vågen,
men utlegget var ikkje heilt patent!
Her er det dugnad på fylling av maursyrekanne som skal brukast til botnfeste.

Nede i Straumen budde det ein sjarmerande, liten røvar...
 
...og på Brynnhaugen bur prinsesse Åsa!

Martha og Dordi fekk triveleg besøk av Maia,
og dei studerte mine gamle vennebøker. 
 
Kristen debuterte som sjølvstendig is-etar, og det gjekk ikkje så verst.
Litt klesvask må ein rekna med!
 
Martha ville læra seg å ro i lag med pappa,
og her er dei to oppe i Vågen ein fin sommarkveld.
 
Hanne og Åsmund inviterte til grilling oppe på terassen.
Her har to søskenbarn sessa seg rundt bordet.

Kristen og tante Hanne kosa seg i kveldssola.
 
Ein kveld var det duka for vipp veppe- kamp.
Vi hadde gløymt noko av regelverket, men heldigvis hadde tante dei nedskrevne.
Artig var det!

 
Tante hadde flytta trøorgelet sitt ned frå loftet, og Kristen underheldt gjerne!

Kristen og tante Hanne kosar seg.
 
Alt har sin ende, også feriar.....
Laurdagsmorgonen sette vi kursen mot Leri att etter åtte innhaldsrike dagar på rek.
Søndagen var Dordi og Martha på besøk hos vener, og jammen fekk vi med oss ein overnattingsgjest i retur då vi var ute på henterunde søndagskvelden.
Eit slag Dilemma gjer seg, då blir leggetid-om-sommaren-temaet gløymt...
 
Oppe i Hestehagen lever dei etter følgjande reglar,
Trygve meinte at den siste regelen var den beste ;-) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar